Besøk og rapportar

Under førebyggingsmandatet besøkjer Sivilombodet alle stader der menneske er, eller kan vere, fråtekne fridomen. Føremålet med besøka er å avdekkje risikofaktorar for krenking og nedverdigande og umenneskeleg behandling. Etter eit besøk blir det skrive ein rapport som skildrar funn og risikofaktorar som blei avdekte under besøket. På bakgrunn av funna gjev Sivilombodet tilrådingar til staden om kva som kan endrast for å gje dei som er fråtekne fridomen betre vern.

Rapportane frå alle besøka er offentlege og blir publiserte på denne sida etter kvart. Stadene som blir besøkte blir bedne om å orientere Sivilombodet i løpet av nokre månader om kva som har blitt gjort for å følgje opp tilrådingane.

Sjå oversikt over alle besøk og rapportar her.