Innsyn og offentleg journal

Innsyn i Sivilombodet sine dokument

Sivilombodet sin offentlege journal inneheld offentleg tilgjengelege opplysningar om dokument som er sende til eller frå Sivilombodet.

Sivilombodet publiserer offentleg journal på  E-innsyn, den felles publiseringstenesta for offentlege verksemder:

Her finn du E-innsyn

Den som ønskjer å sjå eit dokument eller ei sak hos Sivilombodet, kan bestille det via E-innsyn. Alternativt ved å sende ein e-post (postmottak@sivilombudet.no).

For å bestille innsyn i journaler fra før 01.11.2021, kan du sende e-post til postmottak@sivilombudet.no. Normalt vil førespurnaden bli behandla i løpet av 1–3 arbeidsdagar.