KLAGEHJELP TIL BARN
Klagehjelp til barn og unge
Alle barn har rett til å bli høyrde i alle saker som handlar om dei sjølve. Du har rett til å seie kva du tenkjer og meiner om det som skjer med deg. Viss du ikkje har blitt høyrd i ei sak som gjeld helsa di, skulegangen din eller kvar du skal bu, kan du klage til Sivilombodet.


Eg har venta kjempelenge på svar på søknaden min om å få bli i Noreg.
Andrine, 16 år
Dei tilsette på institusjonen lar meg aldri bruke mobilen min.
Lars, 12 år
Foreldra mine tvingar meg til å byte skule sjølv om eg ikkje vil.


Politiet ransaka meg på gata. Det var veldig ubehageleg, og eg hadde ikkje gjort noko gale.
Maria 15 år
Eg har fått vedtak om spesialundervising, men eg vil ikkje ha det.
Anne 12 år
Psykologen på PPT har skrive noko om meg som ikkje stemmer.
Kva treng du hjelp med?
Kva kan du klage på?
- korleis du har det på institusjonen
- tvang frå offentleg tilsette
- barnevernstenesta
- helsehjelpa du får
- at du ikkje får helsehjelpa du treng
- brot på teieplikta
- skuletilbod og korleis du har det på skulen
Det er best å klage til Statsforvaltaren først. Viss du ikkje er fornøgd med svaret frå Statsforvaltaren, kan du klage til Sivilombodet. Er du usikker på kven du kan klage til, kan du ta kontakt med oss.
Kva kan du ikkje klage på?
- lommepengar
- skjermtid
- vener
- butikkar
- ein dom/ ein domstol

Kva skjer når du klager?
Vi ser på klagen din
Vi kjem til å sjå på klagen din, men det kan ta nokre dagar før du får svar.
Du får svar på klagen din
Så snart vi har sett på klagen din får du svar frå oss. Vi kontaktar deg for å snakke om vegen vidare.
Kva skjer vidare?
Viss vi meiner at nokon har gjort feil i saka di, kan vi be dei om å rette det opp.
Treng du å snakke med nokon?
Ring eller chat Kors på halsen!
Kontakt oss gjennom kontaktskjemaet vårt viss du er usikker på om du kan klage til oss.
Viss du vil sende inn ei skriftleg klage, kan du fylle ut klageskjemaet vårt (du treng ikkje å fylle ut alle felta, berre dei med stjerne):
Kontakt oss
Telefon: +47 22 82 85 00
Grønt nummer: +47 800 80039
Åpningstider sentralbord: 10.00-14.00
Akersgata 8
Organisasjonsnummer: 974 761 270