Møtet er eit dialogmøte om ulike typar saker, som offentlegheit og innsyn, helse, skole/opplæring, plan- og bygningsrett med meir. Formålet med møtet er å utveksle erfaringar, og medarbeidarar frå Statsforvaltaren deltek på tema som er relevante for dei.

Sivilombod Hanne Harlem deltek saman med leiargruppa i Sivilombodet.

Sivilombodet tek imot klagar frå alle delar av landet og behandlar saker innanfor alle rettsområde som gjeld offentleg forvaltning.

 

Program

Stad: Statsforvaltaren i Vestland, Statens hus, Leikanger
Tid: Onsdag 28. januar 2026
Tema: Offentlegheit og innsyn, helse, skole/opplæring og plan- og bygningsrett

Fakta om Sivilombodet

  • Stortinget sitt ombod for kontroll med forvaltninga (Sivilombodet) fører kontroll med den offentlege forvaltninga for å hindre urett mot den enkelte.
  • Alle som meiner å ha vore utsette for feil frå offentleg forvaltning kan klage til Sivilombodet. Du kan for eksempel klage dersom du meiner at ei avgjerd er feil, eller at ei sak er behandla på ein uriktig måte. Du må bruke klagemoglegheitene i forvaltninga først.
  • Sivilombodet gjer ei rettsleg, objektiv og nøytral vurdering av klagen. Det er gratis å klage.
  • I 2025 fekk Sivilombodet 1062 klagar på statsforvaltarar. 135 av desse var klagar på Statsforvaltaren  i Vestland.
  • Sivilombodet kom med kritikk av Statsforvaltaren i Vestland i tre tilfelle i 2024 og tre tilfelle i 2025.
  • Så langt i år har Sivilombodet fått fem klagar på Statsforvaltaren i Vestland.

 

Kontakt

For nærare informasjon, kontakt Trude Julie Dommerud, kommunikasjonssjef, 984355156

Sivilombod Hanne Harlem er tilgjengeleg for eventuelt intervju.