Verksemda i 2007 har vore omfattande, og erfaringane dette året har igjen vist kor viktig ombodsmannskontrollen
er for vanlege folk når dei får problem med forvaltninga. Sakene som er refererte i
meldinga, viser breidda i dei spørsmåla ombodsmannen undersøkjer og uttaler seg om. Sakene viser
òg at det dreier seg om vanlege problem som folk har med styresmaktene. Breva og spørsmåla til ombodsmannen
vitnar om kor høgt borgarane set rettstryggleiken. Når saksbehandlinga ikkje går føre seg
på rette måten, og når styresmaktene ikkje bruker lova rett, er det tilliten til dei offentlege styresmaktene
som blir skadelidande. Eg skal her ta opp nokre tankar som kan styrkje ombodsmannskontrollen med
forvaltninga.
For det første er det no på tide å spørje om ikkje ombodsmannen bør ha same retten som alle andre til
å seie si meining om skjønnsbruken i forvaltninga. Er det i dag fornuftig å ha ei føresegn i lova om at
ombodsmannen berre kan kritisere skjønnet når det er klart urimeleg? Ei slik avgrensing i kva ombodsmannen
kan seie si meining om, har uheldige verknader og bør fjernast.
Retten ombodsmannen har til å uttale seg om skjønnet i forvaltninga, er viktig fordi lovgivinga har
gitt forvaltninga større makt overfor borgarane. På nær sagt alle område kan styresmaktene no med lova
i hand gripe inn der borgarane før stod fritt til å gjere som dei ville. Retten til å gripe inn i rettane og pliktene
til borgarane er i dag langt på veg bygd på skjønn. Dessutan gir lova i dag borgarane fleire rettar
enn før, og desse rettane er òg bygde på skjønn. For at dei lovfesta rettane skal bli ein realitet for borgarane,
er det viktig å ha ein effektiv, utanforståande og uhilda instans som folk kan gå til med sine klager
på urett maktutøving.
Stort sett opptrer forvaltninga samvitsfullt og korrekt. Men dei vide fullmaktene og den utbreidde
praksisen med å gjere unntak frå lova kan lett gjere folk urolege for at tilfeldige og vilkårlege omsyn får
bestemme, og at maktmisbruk, usakleg forskjellsbehandling og korrupsjon førekjem. I det siste har fleire
saker vist at ei slik uro ikkje er utan forankring i dei faktiske tilstandane.
Dei omsyna og forholda som forvaltninga byggjer skjønnet sitt på, er i dag meir samansette og
kompliserte enn før, og dei er vanskelege å kontrollere og overprøve. Behovet for ein utanforståande og
uhilda instans som kan reise saklege motførestellingar, uttrykkje tvil og i det heile setje grunngitte spørsmålsteikn ved skjønnsutøvinga, er større enn nokon gong. Ombodsmannen bør no få uinnskrenka
rett til å seie si meining, også om forvaltningsskjønnet er urimeleg eller vanskeleg å akseptere for ein
utanforståande som har undersøkt saka.
For at ombodsmannen betre skal kunne kontrollere forvaltningsskjønnet, bør derfor avgrensinga i lova som gjer at det berre kan reagerast på «klart urimelige » avgjerder, no fjernast. Denne avgrensinga kom inn i lova då ombodsmannsordninga blei oppretta i 1962, fordi forvaltninga då var redd for at ombodsmannen skulle blande seg inn i det såkalla frie
skjønnet. Tida har no gått frå denne avgrensinga. I Danmark har dei aldri hatt ei slik avgrensing, og den
første danske ombodsmannen, Stephan Hurwitz, åtvara nordmennene mot å ta denne regelen inn i lova.
Han meinte at ei slik innskrenking i ytringsretten til ombodsmannen ville svekkje den preventive effekten
ombodsmannsordninga skulle ha. Avgrensinga var dessutan unødvendig, for ombodsmannen ville
sjølv vite når han skulle gripe inn og overprøve skjønnet. Og slik har det og blitt i praksis. Ombodsmannen
overprøver i dag ikkje eit fagleg eller lokalt skjønn når det er bygd på rett lovtolking eller faktiske
omstende som det ikkje er grunn til å setje spørsmålsteikn ved. Ei slik avgrensing i lova er derfor eit
unødvendig og uheldig signal til borgarane og omverda, og ho legg eit urimeleg band på retten ombodsmannen
har til å seie det han meiner.
Eg blir ofte spurd kva verkemiddel ombodsmannen har for å fremje god forvaltningsskikk og skape større respekt for borgarane og rettane deira. Etter ordninga som gjeld i dag, kan ombodsmannen setje i gang undersøkingar og seie si meining om det forvaltninga har gjort. Ombodsmannen kan ikkje gjere om forvaltningsavgjerder eller fatte rettsleg bindande vedtak. Slik bør det framleis vere.
Dersom forvaltninga ikkje bøyer seg for det ombodsmannen seier, kan han rå til at klagaren reiser sak for domstolane. Då får klagaren fri sakførsel. Å rå til å gå til rettssak høyrest jo bra ut, men det har òg sine tvilsame sider. Sjølv om klagaren får fri sakførsel, er det tungt å skulle gå til sak mot det offentlege. Borgaren må sjølv ta belastninga med å føre saka. Ombodsmannen kan ikkje gi borgaren hjelp til å drive søksmålet fram. Å tilrå søksmål kan såleis vere eit slag i lufta. Er det saksbehandlingsfeil det dreier seg om, er det berre dei kritiske orda frå ombodsmannen som blir sanksjonen. Noka økonomisk oppreising får ikkje borgaren.
Borgarane blir bøtelagde for å køyre for fort og for andre brot på trafikkreglane. Offentlege styresmakter
kan bryte saksbehandlingsreglane, men økonomiske konsekvensar får slike feil berre når dei
rettslege vilkåra for erstatning eller oppreising er oppfylte. Klage til overordna styresmakt kan i visse
tilfelle vere eit middel, men å melde saka til politi og påtalemakt kan berre føre fram dersom vilkåra for
straff er oppfylte. Bør det halde fram slik?
Ein tanke kunne vere å opne for at ombodsmannen kan rå til at styresmaktene som har brote forvaltningsreglane,
må betale den krenkte borgaren ei erstatning eller oppreising av rettferdsgrunnar, ikkje
berre når vilkåra for erstatnings- eller oppreisingsansvar må seiast å vere oppfylte. Ei slik tilråding frå
ombodsmannen må i tilfelle gje forvaltninga ein rett til å betale den fornærma utan å bli kritisert av riksrevisjonen
eller kommunerevisjonen. Eit slikt verkemiddel kan oppdra forvaltninga til å respektere forvaltningslova,
offentleglova og prinsippa for god forvaltningsskikk. Ordninga kan òg føre til at det offentlege
viser borgarane større respekt når det blir gjort urett og feil. Det vil i så fall vere med og styrkje
tilliten til forvaltninga og gjere ombodsmannskontrollen meir effektiv.