Særskilde meldingar
Forutan årsmeldingane kan Sivilombodet òg leggje fram særskilde meldingar for Stortinget. Ei særskild melding blir brukt for å gjere Stortinget merksam på eit spesielt saksforhold, til dømes systematiske feil eller tilfelle der forvaltninga ikkje har følgt Sivilombodet. Meldingane frå Sivilombodet blir behandla av kontroll- og konstitusjonskomiteen, som utarbeider ei innstilling til Stortinget. Meldinga blir deretter behandla av Stortinget.