Avslag på innsyn i søkjarliste til dommarstillingar i Høgsterett
Saka gjeld høvet til å akseptere oppmodingane til søkjarar om å utelate namnet frå offentleg søkjarliste til dommarstillingar i Høgsterett.
Til embete som høgsterettsdommar er det knytt særleg offentleg interesse. I lys av Høgsteretts særskilde stilling i samfunnet bør oppmodingar om å utelate namn på søkjarar frå søkjarlista berre aksepterast i heilt uvanlege tilfelle. Ei permanent endring av Innstillingsrådets praksis med opne søkjarlister til Høgsterett bør vere svært godt grunngitt, og ho bør i tilfelle utgreiast og vurderast konkret frå sak til sak før ho blir sett i verk.
Etter mi meining er det knytt tvil til departementets avslag på kravet om innsyn i oppmodingane frå to av søkjarane om unntak frå søkjarlista. At søkjarane har behov for å sleppe å stå på søkjarlista, veg normalt ikkje like tungt som behovet og interessa hos allmenta for å vite kven som har søkt embete som dommar i Høgsterett. I den spesielle situasjonen som låg føre, har eg funne grunn til å uttrykkje tvil om det var rett å la tre av søkjarane halde namna sine unna søkjarlista.