Tilskotspliktige søkte om at tilskot blei nedsett på grunn av lågare inntekt. Tilskotsmottakaren, A, viste mellom anna til at tilskotspliktige er tilsett i eige aksjeselskap, og at han sjølv kan regulere inntekta si. Han eig alle aksjane i X, kor han er dagleg leiar og styreformann.
I Nav trygd sitt vedtak blei berekningsgrunnlaget for tilskotspliktige fastsett til kr 973 616, på bakgrunn av inntektstal for 2005. Tilskotspliktige meinte at feil inntekt var lagd til grunn, og klaga på vedtaket. Han viste til at skattereglane nokre år innebar gunstige reglar i samband med uttak av utbytte, men at skattereforma har endra dette. Det blei derfor ikkje utbetalt utbytte for rekneskapsåret 2005. Tilskotsmottakaren kravde at inntekta til tilskotspliktige blei fastsette etter skjønn.
Ved oversending til Nav Klage og anke skreiv Nav trygd mellom anna at ein ikkje kunne sjå nokon grunn til at den tilskotspliktige skulle «gå så mykje ned i inntekt, all den tid forlaget går bra og han kan bestemme inntekta si sjølv».
Nav Klage og anke fastsette tilskotet ut frå at tilskotspliktige hadde ei inntekt på kr 398 220.
Tilskotsmottakaren framsette krav om omgjering og viste mellom anna til at aksjane i X er eigd av holdingselskapet Y som tilskotspliktige stifta i desember 2005, og at X utbetalte kr 250 000 i utbytte til Y for rekneskapsåret 2005.
Kravet om omgjering blei avslått av Nav Klage og anke. Det blei vist til at tidlegare store aksjeutbytte som er tekne ut, skuldast skattereglar, og at vilkåra for å bruke skjønn ikkje var oppfylt. Vidare blei det uttalt at det ikkje fører til endring av spørsmålet om skjønnsfastsetjing at «det foreligger to selskap hvor utbytte har blitt overført til et holdingselskap».
Tilskotsmottakaren klaga hit og viste til at tilskotspliktige alltid tidlegare hadde tatt ut alt overskotet i form av løn eller utbytte. Det blei hevda at det høve at personlege aksjonærar no må betale skatt av utbytte, ikkje kan vere god nok grunn til å sjå bort frå den tilskotspliktige sine reelle inntekter.
Det blei funne grunn til å undersøkje saka nærare. I brev herifrå til Nav Klage og anke blei det vist til at tilskotspliktige eig alle aksjane i X gjennom Y, kor han er dagleg leiar og styreformann. Han kan dermed fastsetje si eiga lønn og avgjere om det skal takast ut utbytte frå selskapa. Nav Klage og anke blei bedt om å gjere greie for om denne posisjonen kan ha innverknad på spørsmålet om skjønnsfastsetjing. Vidare blei det bedt kommentert om det bør takast omsyn til bedrifta sitt årsresultat. Det blei vist til at X sitt årsresultat for rekneskapsåret 2005 var kr 1 276 000.
I brevet herifrå blei det vidare vist til Nav Klage og anke si utsegn om at det ikkje fører til endring av spørsmålet om skjønnsfastsetjing at det ligg føre to selskap kor utbytte har blitt overført til eit holdingselskap. Nav Klage og anke blei bedt om å gjere nærare greie for denne vurderinga. Det blei særleg bedt vurdert om det kan ha noko å seie at tilskotspliktige eig alle aksjane i holdingselskapet.
Det blei vidare bedt opplyst om Nav Klage og anke meiner at det i vurderinga av inntektsevna i denne saka er relevant å ta omsyn til tilskotspliktige si utdanning og dermed til kva inntektsalternativ han elles kunne hatt.
Nav Klage og anke svarte mellom anna at tilskotspliktige sin posisjon i selskapa kan ha innverknad på spørsmålet om skjønnsfastsetjing, men at dette også må sjåast i samanheng med dei andre opplysningane i saka:
«Vi kan ikke pålegge den bidragspliktige å ta ut utbytte, han kan innen rimelighetens grenser tilpasse seg skattereglene, danne et holdingsselskap, betale ned gjeld og bygge opp reserver/styrke selskapets økonomi. Dette forutsatt at han ivaretar forsørgelsesplikten.
Ut fra disse vurderinger har Nav Klage og anke … kommet til at den bidragspliktiges inntekt ikke er vesentlig lavere enn det han ut fra utdanning og evner burde kunne oppnå, og vi finner at han med en inntekt på kr.398 200 ivaretar forsørgelsesplikten etter bal § 66.»
Det blei vidare uttalt at Nav Klage og anke ser at tidlegare utbytte har vore av ein viss storleik, og at det i ei slik situasjon kan vere formålstenleg å innhente årsresultat. I denne saka var det likevel tilstrekkeleg dokumentert at inntektsnedgangen i form av manglande utbytte skuldast endring i skattereglane, og at det var orsaka til at det er teke ut eit rikeleg utbytte i åra før 2005.
Nav Klage og anke viste også til at utbyttet som var overført i 2005, var innanfor det som den tilskotspliktige innan rimelege grenser må kunne disponere over for å sikre selskapa økonomisk. Å organisere selskapsdrifta på den måten tilskotspliktige har gjort, er innanfor dei rammer lovgivinga gir. Nav Klage og anke fann ikkje grunnlag for å bruke skjønn i saka, då tilskotspliktige har ein rimeleg grunn til å ikkje ta ut utbytte, samt at lønnsinntekta for 2006 er på eit akseptabelt inntektsnivå sett i forhold til det vanlege inntektsnivået i samfunnet i dag.
Ved avslutninga av saka uttalte eg:
«Etter barnelova 8. april 1981 nr. 7 § 71 skal tilskotsfuten fastsetje tilskot til barn slik at fastsette utlegg til forsyting av barnet blir delte mellom foreldra etter storleiken på inntekta deira. Tilskot skal som hovudregel fastsetjast på grunnlag av aktuell og framtidig inntekt. Inntekta til kvar av foreldra skal setjast til ’personinntekt og positiv netto kapitalinntekt som overstig kr 10.000,- per år’, jf. forskrift 15. januar 2003 nr. 123 om fastsetjing og endring av fostringstilskot § 4 første ledd. I § 4 fjerde ledd andre punkt er det bestemt at inntekta skal fastsetjast etter skjønn når inntekta til ein part er vesentleg lågare enn det han eller ho burde oppnå ut frå utdanning og evner, utan at parten kan gi ein rimeleg grunn til at inntekta ikkje er høgare (forskrifta slik ho tidlegare var).
Tilskotspliktige er styreleiar og dagleg leiar i selskapet X. Gjennom holdingselskapet Y eig han alle aksjane i X. Tilskotspliktige kan derfor sjølv bestemme om utbytte skal takast ut, og i tilfelle kor mykje. Som Nav Klage og anke har sagt seg einig i, kan dette ha innverknad på spørsmålet om skjønnsfastsetjing.
Nav Klage og anke har vist til at tilskotspliktige si organisering av selskapsdrifta er innanfor dei rammer lovgivinga gir, og at dei ikkje kan påleggje den tilskotspliktige å ta ut utbytte. Eg er ikkje ueinig i denne vurderinga. Spørsmålet i denne saka er likevel ikkje om ein kan påleggje tilskotspliktige å ta ut utbytte, men om valet å ikkje ta ut utbytte skal ha noko å seie for plikta til å betale tilskot, jf. barnelova § 66.
X hadde i 2005 eit årsresultat på kr 1 276 000, og betalte ut 250 000 i utbytte til Y. I fleire brev til Nav har tilskotspliktige sin advokat vist til at det er skattemessige årsaker som ligg til grunn for den noverande organiseringa av selskapa. Eg kan ikkje sjå at slike omsyn kan leggjast vekt på ved vurderinga av tilskotsplikta. At det blei utbetalt kr 250 000 i utbytte frå X til Y stadfestar at det var grunnlag for utbetaling av utbytte frå X. Eit eventuelt behov for å byggje opp reservar/styrke selskapet si økonomi er ikkje dokumentert nærare. Sjå nærare om dette mine fråsegn i årsmeldinga for 1999 side 209 og side 212 (Somb-1999-60 og Somb-1999-61).
For at regelen om skjønnsfastsetjing i forskrifta § 4 fjerde ledd andre punkt skal kunne nyttast, må to vilkår være oppfylte. For det første må inntekta være vesentleg lågare enn det tilskotspliktige ut frå utdanning og evner burde oppnå. I tillegg er det spørsmål om han har ein rimeleg grunn til at inntekta ikkje er høgare. Disse vurderingane vil ofte gli noko over i kvarandre.
Nav Klage og anke har lagt til grunn at tilskotspliktige ikkje har ei lågare inntekt enn han ut frå utdanning og evner burde oppnå. Det er då mellom anna vist til dei skattemessige høve og at tilskotspliktige ikkje kan påleggjast å ta ut utbytte. Drøftinga gjer inntrykk av at det her og er sett hen til kva som er rimeleg.
Tilskotspliktige har dei føregåande åra hatt langt høgare inntekt enn i 2006. Det ligg ikkje føre opplysningar som skulle tyde på at tilskotspliktige sine arbeidsoppgåver eller stilling har endra seg. Eg er derfor i tvil om det er riktig å seie at han ikkje har lågare inntekt enn det han burde kunne oppnå. Det er mogleg dei skattemessige høve kan gå inn som eit element i denne vurderinga, men eg ser det som meir nærliggande å vurdere dette som eit spørsmål om han har rimeleg grunn til å ha den lågare inntekta.
Uansett har eg kome til at det er begrunna tvil knytta til den vurderinga som er gjort, jamfør ombodsmannslova 22. juni 1962 nr. 8 § 10 andre ledd. Eg ber derfor Nav Klage og anke om å vurdere saka på nytt, i lys av merknadene ovanfor. Tilskotspliktige si uttale må innhentast, da han ikkje har vore part i saka for ombodsmannen. Eg ber om at Nav Klage og anke orienterer meg om utfallet av den nye vurderinga, ved oversending av kopi av brev til tilskotsmottakaren sin advokat.»
På bakgrunn av fråsegna blei saka handsama på nytt. Nav Klage og anke kom til at tilskotspliktige si inntekt var vesentleg lågare enn det han burde oppnå ut frå utdanning og evner, utan at han kunne gi ein rimeleg grunn til det. Tilskotspliktige si inntekt blei derfor fastsett etter skjønn.