Behandling av klagen
Slik blir klagen din behandla etter innsending.
- Vi mottar klagen din.
- Ein saksbehandlar vurderer om saka kan behandlast hos oss.
- Du får ei tilbakemelding innan tre veker. Om vi kan behandle saka di, vil vi gi deg informasjon om når du kan vente ytterlegare svar. Vi sender svaret til den digitale postkassa di, til dømes Digipost.
- Sivilombodet vurderer alle klagar, men har avgrensa kapasitet. Vi kan dessverre ikkje undersøkje alle saker.
- Sivilombodet avgjer om klagen gir grunn til behandling. Les meir om kva saker vi prioriterer her.
- Dersom vi bestemmer oss for å undersøke saka di nærare, tar vi kontakt med forvaltninga.
- Undersøkingane fortset, og du får høve til å uttale deg.
- Vi orienterer andre som saka gjeld og gir dei moglegheit til å uttale seg.
- Undersøkinga følgjer prinsippet om kontradiksjon. Det betyr at forvaltningsorganet kan få sjå klagen din og eventuelle nye innspel frå deg.
- Andre kan få innsyn i klagen din og breva frå oss. Vi fulltekstpubliserer ein del saksdokument som ikkje inneheld teiepliktige opplysingar, på eInnsyn.
- Til slutt gir Sivilombodet si vurdering av saka.
Ettersending av vedlegg
Dersom du må sende fleire vedlegg etter at vi har starta saksbehandlinga, kan du gjere dette via Min side eller klageskjemaet. Hugs å skrive saksnummeret ditt.
Kor lang tid tar det?
Saksbehandlingstida varierer, men du får oppdateringar undervegs.
Andre som saka gjeld
Vi orienterer andre som saka kan påverke, og gir dei moglegheit til å uttale seg dersom klagen handlar om deira rettar eller viktige interesser.
Kva kan Sivilombodet gjere?
Dersom saka gir grunn til det, kan Sivilombodet:
- påpeike feil og seie at ei avgjerd er ugyldig, urimeleg eller i strid med god forvaltningsskikk
- gjere forvaltninga merksam på manglar i lover, reglar eller praksis
- undersøkje korleis forvaltninga behandlar saker og utøver si myndigheit
- be forvaltninga rette opp feil eller behandle saka på nytt
I saker vi undersøker nærare, kan vi gi ei vurdering i form av ei fråsegn. Vi kan ikkje endre avgjerder eller påleggje forvaltninga å gjere noko, men i praksis følgjer dei fleste våre anbefalingar.