Tilsetjing av juridisk rådgjevar i strid med eitt av krava i utlysingsteksten
Saka gjeld tilsetjing av juridisk rådgjevar i ein kommune. Ein av kvalifikasjonane i utlysingsteksten var «sakshandsaming innan offentleg administrasjon». Ho som blei tilsett, hadde inga slik erfaring.
Ombodsmannen meiner difor at kommunen braut kvalifikasjonsprinsippet i tilsetjinga av juridisk rådgjevar.
Det var òg i strid med forvaltingslova at kommunen ikkje forfatta eit formelt tilsetjingsvedtak, jf. § 23 og heller ikkje sende klagaren og dei andre søkjarane skriftleg underretning om dette tilsetjingsvedtaket, jf. § 27 første ledd. I tillegg kjem andre vesentlege manglar ved kommunen sin skriftlege dokumentasjon for tilsetjingsprosessen. Mellom anna blei det ikkje utarbeidd ei skriftleg innstilling.