Tilsetting av utrykkingsleiar ved brannstasjon

Saka gjeld tilsetting av utrykkingsleiar ved ein brannstasjon. Sivilombodet har kome til at den tilsette ikkje oppfylte kompetansekrava i brann- og redningsvesenforskriften § 41 og dei krava kommunen sjølv hadde stilt i utlysingsteksten. Tilsettinga var ikkje i samsvar med kvalifikasjonsprinsippet.

Ettersom klagarane heller ikkje oppfylte kompetansekrava i brann- og redningsvesenforskriften, var dei heller ikkje kvalifiserte til stillinga og dei har dermed ikkje blitt forbigåtte.

Tilsettinga er allereie gjennomført, og fråsegna her får ikkje betydning for den aktuelle tilsettinga. Ombodet ber kommunen merke seg ombodet sitt syn til framtidige tilsettingar.

Bakgrunn for saka

A og B (heretter klagarane) søkte på stilling som utrykkingsleiar ved Y brannstasjon som blir administrert av X kommune (heretter kommunen). Det var tale om ein stillingsprosent på 1,68.

Klagarane meinte at dei var betre kvalifiserte til stillinga enn han som blei tilsett. Dei klaga til Sivilombodet 2. og 5. oktober 2023.

Våre undersøkingar

Vi fann grunn til å undersøke saka nærare med kommunen. I brev herifrå 16. november 2023 bad ombodet om kommunen sitt syn på om han som blei tilsett oppfylte krava til utrykkingsleiarar i brann- og redningsvesenforskriften og i utlysingsteksten.

Kommunen svarte at ingen av søkarane oppfylte krava i brann- og redningsvesenforskriften. Når det gjaldt krava i utlysingsteksten, svarte kommunen at krava i utlysinga var feil. Kommunen beklaga dette. Kommunen var ikkje klar over feila i utlysinga då tilsettinga vart gjort.

A har deretter kome med fleire merknader, som kommunen har kommentert. Vi går ikkje nærare inn på desse her.

Sivilombodets syn på saka

1. Krava til utrykkingsleiarar i brann- og redningsvesenforskriften

Ved offentlege tilsettingar skal den best kvalifiserte søkaren tilsettast, sjå til dømes ombodet si fråsegn 11. september 2019 i sak 2019/1867. Utgangspunktet for vurderinga er krava som er stilte i utlysingsteksten, og eventuelle lov- og avtalefesta krav til stillinga.

Brann- og redningsvesenforskriften (FOR-2021-09-15-2755) stiller krav til opplæring og  kompetanse for ulike stillingar i brannvesenet. Krav til utrykkingsleiar i deltidsstilling følgjer av § 41 andre ledd i forskrifta:

«Personell som skal arbeide som utrykningsleder i deltidsstilling, skal ha gjennomført yrkesutdanning i samsvar med kursplan for brannkonstabel, jf. forskriften § 37, og kursplan for utrykningsleder deltid eller heltid.»

Det følgjer altså av regelen at utrykkingsleiar i deltidsstilling skal ha gjennomført brannkonstabel- og utrykkingsleiarkurs. Forskrifta stiller ikkje opp unntak frå kompetansekrava. I motsetning til fleire av dei andre kompetansekrava i forskrifta er det heller ikkje nokon regel om at Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap kan gi dispensasjon frå kravet. At direktoratet ikkje kan gi dispensasjon frå kompetansekrava til utrykkingsleiarar, følgjer også av rettleiaren til forskrifta.

For å vere kvalifisert til stilling som utrykkingsleiar, må ein altså oppfylle krava om kurs i brann- og redningsvesenforskriften § 41. Vedkommande som blei tilsett i stillinga som utrykkingsleiar, hadde ikkje fullført desse kursa og var difor ikkje kvalifisert. Dei andre søkarane var heller ikkje kvalifiserte.

Ombodet ser at kvalifikasjonskrava i brann- og redningsvesenforskriften kan skape utfordringar når kommunen har behov for å tilsette ein utrykkingsleiar og det ikkje er søkarar som oppfyller krava. Ettersom det ikkje kan gjerast unntak eller givast dispensasjon frå forskriftskrava, kan det lede til at brannvesenet manglar tilsette i nødvendige stillingar. Det er likevel ikkje anledning til å tilsette i strid med forskrifta.

2. Krava i utlysingsteksten

I utlysingsteksten var det blant anna stilt krav om «kvalifikasjon som brannkonstabel» og «utrykningskompetanse kode 160». Kommunen skreiv i svaret på vårt undersøkingsbrev at det ikkje var meininga å stille krav om kode 160 i førarkortet i utlysingsteksten. Videre hadde dei meint å ta inn i utlysingsteksten at det var ønskeleg med røykdykkarkompetanse. Ved ein feil hadde dette likevel ikkje kome med i utlysinga.

Slik vi forstår kommunen sitt svar, oppfylte ikkje han som blei tilsett krava til utrykningskompetanse kode 160 og gjennomført yrkesutdanning for brannkonstabel. Utgangspunktet for vurderinga av søkarane er krava som følgjer av utlysinga og eventuelle lovfesta krav. Dersom det er absolutte krav i utlysingsteksten, kan kommunen ikkje tilsette søkarar som ikkje oppfyller desse. Det gjeld sjølv om ingen av søkarane oppfyller desse krava. I eit slikt tilfelle må stillinga lysast ut på nytt, eventuelt med endra krav dersom nokre av krava likevel ikkje er absolutte. Tilsettinga her var dermed i strid med kvalifikasjonsprinsippet.

I svaret hit skreiv kommunen at dei ikkje var klar over feila i utlysingsteksten på tilsettingstidspunktet. Ettersom vurderinga av kven som er best kvalifisert til ein stilling, skal gjerast på bakgrunn av krava i utlysingsteksten, er det i strid med utgreiingsplikta i forvaltningsloven § 17 at tilsettingsmyndigheita ikkje har vore klar over kva for krav dei sjølv har stilt. Kravet til forsvarleg saksbehandling inneber dessutan at kommunen må sjå til at utlysingsteksten er rett utforma.

Utifrå innstillinga verker det for ombodet som at kommunen har lagt stor vekt på om søkarane har røykdykkarkompetanse. Ombodet er einig med kommunen i at det skulle ha gått fram av utlysingsteksten at røykdykkarkompetanse var ønskeleg, når slik kompetanse skulle ha stor vekt i vurderinga av søkarane.

Konklusjon

Sivilombodet har kome til at den tilsette ikkje oppfylte kompetansekrava i brann- og redningsvesenforskriften § 41 og dei krava kommunen sjølv hadde stilt i utlysingsteksten. Tilsettinga var ikkje i samsvar med kvalifikasjonsprinsippet.

Ettersom klagarane heller ikkje oppfylte kompetansekrava i brann- og redningsvesenforskriften, var dei heller ikkje kvalifiserte til stillinga og dei har dermed ikkje blitt forbigåtte.

Tilsettinga er allereie gjennomført, og fråsegna her får ikkje betydning for den aktuelle tilsettinga. Ombodet ber kommunen merke seg ombodet sitt syn til framtidige tilsettingar.