Metode
Ei rekkje ulike faktorar kan påverke omfanget av tortur og umenneskeleg behandling. Difor krev effektivt førebyggingsarbeid ei heilskapleg tilnærming. I tillegg til besøk til stader der menneske er fråtekne fridomen, består det førebyggjande arbeidet av informasjonsarbeid, løpande dialog med styresmaktene og sivilsamfunnet, og samarbeid med internasjonale menneskerettsorgan.
1. Besøk til stader der menneske er fråtekne fridomen
Sivilombodsmannen si førebyggingseining besøkjer stader over heile Noreg der menneske er fråtekne fridomen. Dette gjeld både offentlege og privateigde stader. Besøka kan gjennomførast både med og utan førehandsvarsel.
2. Nasjonal dialog
For å oppfylle mandatet om å førebyggje tortur og umenneskeleg behandling på ein effektiv måte er Sivilombodsmannen avhengig av god dialog med dei ansvarlege styresmaktene på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Difor er det ein viktig del av førebyggingsarbeidet å ha møte med departement, direktorat og fylkesmenn med jamne mellomrom.
3. Internasjonalt samarbeid
Sivilombodsmannen samarbeider med ei rekkje internasjonale aktørar i førebyggingsarbeidet, og særleg med FN sin underkomité for førebygging (Subcommittee for Prevention of Torture, SPT).