Internasjonalt samarbeid
Sivilombodsmannen samarbeider med ei rekkje internasjonale aktørar i førebyggingsarbeidet, og særleg med FN sin underkomité for førebygging (Subcommittee for Prevention of Torture, SPT). SPT kan besøkje alle stader der menneske er fråtekne fridomen i dei landa som har slutta seg til FN sin tilleggsprotokoll. Besøka kan finne stad med eller utan førehandsvarsel. I tillegg skal SPT gje råd og rettleiing til dei nasjonale førebyggingsorgana. Sivilombodsmannen leverer årlege rapportar om førebyggingsverksemda si til SPT.
Det er oppretta eit eige nordisk nettverk for førebygging under OPCAT-mandatet. Målet er å leggje til rette for meir samarbeid, læring og informasjonsdeling mellom dei nordiske landa.
Sivilombodsmannen si førebyggingseining er òg i dialog med andre internasjonale organisasjonar med ekspertise på førebygging av tortur, til dømes Association for the Prevention of Torture (APT) og den europeiske torturførebyggingskomiteen (CPT).