• Forside
  • Aktuelt
  • Gjekk i fedrekvote-fella og mista 67 dagar med foreldrepengar

Gjekk i fedrekvote-fella og mista 67 dagar med foreldrepengar

Ein far mista 67 dagar med foreldrepengar fordi han søkte etter at mors permisjon var over. Han klaga til Sivilombodet, og no har han fått medhald.

Sivilombodet skriv i ei ny fråsegn at Nav har praktisert regelverket om foreldrepengar feil.

−Vi har undersøkt denne saka, og meiner at Nav si tolking av regelverket ikkje er rett. Far har krav på foreldrepengar sjølv om han søker etter at mor er ferdig med sin del av permisjonen, seier sivilombod Hanne Harlem.

Fekk berre åtte av dei 75 stønadsdagane han søkte om

Saka gjeld ein fars rett på 75 dagar med foreldrepengar. Klagaren søkte om utsetjing av foreldrepengar fordi han var i heiltidsarbeid. Søknaden blei send til Nav 67 dagar etter mors siste dag med stønad. Talet på stønadsdagar til far blei avkorta med like mange dagar, og faren fekk dermed berre innvilga åtte av dei 75 stønadsdagane han søkte om.

Ifølgje Nav måtte far ha søkt om utsetjing før mors siste dag med foreldrepengar for å unngå å tape stønadsdagar. Dei 67 dagane som hadde gått frå mors siste dag med stønad og til far søkte om utsetjing, var tapte. Trygderetten stadfesta vedtaket til Nav.

Nav må vurdere saka på nytt

Sivilombodet meiner at foreldrepengane ikkje skulle ha blitt avkorta. Reglane i folketrygdloven om at foreldrepengane skal takast ut samanhengande, medfører ikkje eit krav om at far må søkje om utsett frist før mors siste dag med stønad.

I fråsegna ber Sivilombodet Nav om å sjå på saka på nytt.

Svarfristen er satt til 15. oktober 2021.

Les fråsegna frå Sivilombodet her