Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på spørsmåla som ofte blir stilt i samband med å klage til Sivilombodet.

Sivilombodet vurderer alle klagar som kjem inn, men vi har begrensa kapasitet og kan ikkje undersøke alle saker. Sivilombodet avgjer om ein klage gir tilstrekkeleg grunn til behandling. Sjølv om Sivilombodet kan undersøke dei fleste typer tilhøve som offentleg forvaltning behandlar, er det nokre saker ombodet ikkje kan behandle. Før du klagar til Sivilombodet, må du ha nytta alle høve til å klage i forvaltninga. H
Ja. Klagefristen er eitt år. Fristen blir rekna frå den datoen då forvaltninga tek den endelege avgjerda i saka.
 Ja, det er mogleg å be om rettleiing frå ein saksbehandlar om kva for saker Sivilombodet behandlar og korleis ein skriv ei klage. Vi gir ikkje rettleiing om rettslege spørsmål. Rettleiing blir vanlegvis gitt per telefon.
Ja, du kan klage på slike saker, men vi gjør merksam på at Sivilombodet ikkje er ein ordinær klageinstans. På grunn av begrensa kapasitet kan vi ikkje setje i gang undersøkingar i alle saker som vi får inn. Vidare er somme typer spørsmål normalt mindre egna for overprøving her. Saker om barnebidrag vedkjem to private partar, der den eine ikkje vil vere part i ei sak her. Derfor er vi generelt tilbakehaldne med å behandle ein del barnebidragssaker. I tillegg er sakene ofte prega av usemje om faktiske tilhøve og forutset bevisvurderingar som ofte gjer dei mindre egna for vår rettslege kontroll. Gjeldande prioriteringar tilseier at klagar som for eksempel gjeld den nærare utrekninga av bidraget, eller skjønnsfastsetting av inntekt, som hovudregel ikkje blir tatt opp til behandling av Sivilombodet.
Ja, du kan klage til Sivilombodet dersom du meiner at du har blitt forbigått i ein offentleg tilsetjingsprosess på eit usakleg grunnlag. Vi gjer likevel merksam på at ein behandling av saka hos oss ikkje vil kunne føre til at du får den aktuelle stillinga. Sivilombodet gjer normalt berre nærare undersøkingar i tilsetjingssaker der vi ser at det er gjort større eller meir gjennomgåande feil. Spørsmålet om kven som er best kvalifisert for ei stilling, kjem i stor grad an på skjønn. Slike skjønnsmessige vurderinger kan Sivilombodet berre i avgrensa grad uttale seg om. Vi arbeider samstundes med saksområdet på måtar som i større grad kan forebygge feil, for eksempel ved å veilede forvaltninga i generelle rettslege spørsmål om temaet.
Nei. Før du klagar til Sivilombodet må du ha brukt alle klagemoglegheitene som finst i forvaltninga. Klager skal sendast til det offentlege organet som har teke avgjerda, men skal behandlast av eit overordna forvaltningsorgan.
Ja. Sivilombodet kan behandle klager på manglande svar og sein saksbehandling i forvaltninga. Du må først ha sendt ei purring til forvaltninga der du minner om saka. Dersom du så ikkje får svar innan rimeleg tid, kan du sende ei klage til Sivilombodet. Du må leggje ved ein kopi av purringa.
Det er fullt mogleg å få ein annan til å sende inn klagen for deg. I så fall må det leggjast ved ei fullmakt der det går tydeleg fram at denne personen har fullmakt til å klage på dine vegner. Advokatar treng ikkje fullmakt for å klage på vegner av ein klient.
Sivilombodet kan ikkje sjølv gjere om avgjerder eller påleggje styresmaktene å gjere noko, men som regel vil styresmaktene rette seg etter Sivilombodet sine fråsegner.
Nei. Det er heilt gratis å klage til Sivilombodet.
Dersom du klagar på eit konkret vedtak, er det viktig at du legg ved ein kopi av vedtaket. Legg gjerne ved kopiar av andre dokument som kastar lys over saka, særleg brev eller dokumentasjon frå forvaltninga.
Vi tilrår at du nyttar Sivilombodet sitt klageskjema, men du kan òg sende klagen som vanleg brev. Ver merksam på at dersom du skriv til oss per e-post, er det viktig at klagen ikkje inneheld sensitive personopplysningar.
Du vil få eit førebels svar i løpet av to veker. Dersom vi kan behandle saka di, vil du få informasjon om når du kan vente vidare svar frå oss.
Nei. Du kan sjølv klage til Sivilombodet.
Når Sivilombodet undersøker ei sak, vil Sivilombodet orientere berørte tredjepersonar slik at dei kan uttale seg om ein klage som gjeld deira rettsforhold eller andre tungtvegande interesse. Det står i sivilombudsloven § 10. Ein tredjeperson kan til dømes vere ein som er part i forvaltingssaka som vi undersøker, eller som har tungtvegande interesse knytte til saka. Du kan lese meir om det her