Prosessen vidare

Slik blir klaga di behandla etter at du har sendt den inn:

  • Klaga blir teken imot.
  • Klaga blir straks tildelt ein saksbehandlar som går gjennom klaga og vurderer om Sivilombodet kan behandle den.
  • Du vil får eit førebels svar i løpet av to veker. Dersom vi kan behandle saka di, vil du få informasjon om når du kan vente vidare svar frå oss.
  • Saka blir undersøkt nærmare og teken opp med forvaltninga dersom det er naudsynt.
  • Undersøkingane held fram, og du vil som klagar få høve til å uttale deg.
  • Sivilombodet vil til slutt gje si meining om saka.

Saksbehandlingstida varierer ut frå kva undersøkingar som må gjerast, men du vil bli halden løpande orientert gjennom klageprosessen. Fordi Sivilombodet alltid innhentar alle saksdokumenta frå forvaltninga i sakene som blir undersøkte, tek det ofte tid før det kjem ei endeleg avgjerd. Du kan be om innsyn i saka di. Ein slik førespurnad vil som regel bli behandla i løpet av 1–3 arbeidsdagar.

Kva kan Sivilombodet gjere?

Dersom saka gjev grunn til det, kan Sivilombodet :

  • peike på at eit forvaltningsorgan eller ein tenesteperson har gjort feil, og seie at ei avgjerd er ugyldig, urimeleg eller i strid med god forvaltningsskikk
  • gjere forvaltninga merksam på manglar ved lover og reglar og måten dei blir praktiserte på
  • undersøkje korleis forvaltninga behandlar saker og utøver myndet sitt
  • be forvaltningsorganet om å rette opp feil eller behandle saka på nytt

I dei sakene som blir tekne opp til nærmare undersøking, vil Sivilombodet gje uttrykk for meininga si i form av ei fråsegn. Sivilombodet kan ikkje sjølv gjere om avgjerder eller påleggje styresmaktene å gjere noko, men som regel vil styresmaktene rette seg etter Sivilombodet sine fråsegner.

 

Animert illustrasjon: 1Fingrer skriver på tastatur, 2:Norges lover, 3:Et dokument med stempelet "Vedtak"