Om Sivilombodet
Sivilombodet er Stortingets ombod for kontroll med forvaltninga. Sivilombodet arbeider for å gjere dei offentlege styresmaktene betre og bidra til at dei respekterer og sikrar menneskerettane.
Sivilombodet er ein sjølvstendig og uavhengig instans med to oppgåver:
- etterfølgjande kontroll av forvaltninga på bakgrunn av klager frå enkeltpersonar
- førebygging av tortur og umenneskeleg behandling ved fridomstap
Fram til 1. juli 2021 var namnet vårt Sivilombodsmannen.
Klager på forvaltninga
Alle som meiner seg utsette for urett eller feil frå den offentlege forvaltninga kan klage til Sivilombodet. Du kan til dømes klage dersom du meiner at eit vedtak eller ei avgjerd er feil, eller at styresmaktene har behandla ei sak på ein uriktig eller uforsvarleg måte. Sivilombodet gjer ei rettsleg, objektiv og nøytral vurdering av klaga. Det er gratis å klage.
I dei sakene som blir tekne opp til nærmare undersøking, vil Sivilombodet, dersom det er grunn til det, gje uttrykk for meininga si i form av ei fråsegn. Sivilombodet kan peike på feil som eit forvaltningsorgan har gjort, eller gjere forvaltninga merksam på manglar ved lover og reglar og måten dei blir praktiserte på.
Torturførebygging
Menneske som er fråtekne fridomen er i ein spesielt sårbar situasjon. Risikoen for å bli utsett for tortur eller nedverdigande behandling aukar ved fridomstap. Stortinget har gjeve Sivilombodet eit særskilt ansvar for å undersøkje korleis rettane til menneske som er fråtekne fridomen blir tekne vare på, og det er oppretta ei eiga førebyggingseining hos Sivilombodet som har ansvar for dette arbeidet.
Ved å besøkje politiarrestar, fengsel, psykiatriske institusjonar, barnevernsinstitusjonar og andre stader der menneske er fråtekne fridomen, bidreg Sivilombodet til å førebyggje overgrep mot menneske i lukka institusjonar. Etter eit besøk blir det skrive ein besøksrapport som skildrar funn og risikofaktorar som blei avdekte under besøket. Informasjonsarbeid, dialog og samarbeid, både på nasjonalt og internasjonalt nivå, er ein viktig del av førebyggingsarbeidet.
Hanne Harlem
Sivilombodet blir vald av Stortinget kvart fjerde år. Sivilombod i denne perioden er Hanne Harlem.
Ho tiltrådte vervet 1. februar 2020. Torsdag 16. november 2023 vart Hanne Harlem einstemmig gjenoppnemnd av Stortinget som sivilombod i tidsrommet 1. februar 2024–1. februar 2028.