Organisasjon

Sivilombodet sitt kontor ligg i Akersgata 8 i Oslo. Kontoret har om lag 70 stillingar, og om lag 50 av dei tilsette er juristar.

Verksemda består av tre avdelingar som behandlar klagesaker frå personar som meiner seg utsette for urett frå forvaltninga, ei allmenn avdeling og ein administrasjonsavdeling. Dessutan arbeider Sivilombodet under eit førebyggingsmandat frå FN for å førebyggje tortur og umenneskeleg behandling i institusjonar der menneske er fråtekne fridomen.

Sjå oversikt over Sivilombodets tilsette

Organisasjonskart som viser seks ulike avdelingerStrategi 2023–2024

Målet i strategiplanen for Sivilombodet er at ombodet skal arbeide for at den enkelte ikkje skal bli utsett for urett frå forvaltninga. Visjonen er å vere ei kjend og tydeleg røyst mot urett, og Sivilombodet sine verdiar kan mellom anna oppsummerast i stikkorda truverdig, objektiv og uavhengig, og respekt for enkeltmennesket.

Strategiplan for Sivilombodet, 2023-2024 (pdf)