Årsmeldingane

Innan 1. april kvart år leverer Sivilombodet to meldingar til Stortinget om verksemda si året før. Den eine meldinga, dok 4, gjeld klagebehandlinga og saker der det blir retta kritikk mot forvaltninga. Den andre, dok 4:2, gjer greie for Sivilombodet si verksemd under førebyggingsmandatet.

I årsmeldingane blir det m.a. gjort greie for alminnelege tilhøve som gjeld institusjonen og for utvalde forvaltningsrettslege spørsmål av generell interesse, kva stader som har blitt besøkte under førebyggingsmandatet og viktige funn frå desse besøka.