Torturførebygging
Menneske som er fråtekne fridomen, er særleg sårbare og i ein utsett situasjon. Risikoen for å bli utsett for tortur eller nedverdigande behandling aukar ved fridomstap. Stortinget har gjeve Sivilombodet eit særskilt ansvar for å undersøkje korleis rettane deira blir tekne vare på og krenking blir førebygd.
Sidan 2014 har Sivilombodet hatt oppgåva med å gjennomføre besøk til stader der menneske er fråtekne fridomen for å førebyggje tortur og umenneskeleg behandling. Det er oppretta ei eiga førebyggingseining hos Sivilombodet som arbeider spesielt med dette. Besøk til stader der menneske er fråtekne fridomen er ein viktig del av arbeidet. Dialog og samarbeid på nasjonalt og internasjonalt nivå er òg viktige i førebyggingsarbeidet.
Besøk til stader der menneske er fråtekne fridomen
Alle menneske skal vernast mot å bli utsette for tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Under førebyggingsmandatet kan Sivilombodet besøkje alle stader der menneske er, eller kan vere, fråtekne fridomen. Dette inkluderer politiarrestar, fengsel, institusjonar innan psykisk helsevern, utlendingsinternat og barnevernsinstitusjonar. Besøka kan finne stad med eller utan førehandsvarsel.
Sivilombodet har tilgang til alle stader der nokon er fråtekne fridomen, og har fri tilgang til alle opplysningar som har noko å seie for tilhøva for dei. Under besøka blir det lagt vekt på samtaler med dei som er fråtekne fridomen. I tillegg gjer førebyggingseininga ei synfaring på staden og snakkar med leiinga, tilsette og andre involverte.
Etter eit besøk blir det skrive ein rapport som skildrar funn og risikofaktorar som blei avdekte under besøket. Rapporten inneheld Sivilombodet sine tilrådingar for å minske risikoen for at menneske som er fråtekne fridomen, blir utsette for tortur og umenneskeleg behandling.
Nasjonal dialog og internasjonalt samarbeid
Effektivt førebyggingsarbeid krev ei heilskapleg tilnærming. I tillegg til regelmessige besøk til stader der menneske er fråtekne fridomen, er Sivilombodet i omfattande dialog med nasjonale styresmakter, sivilsamfunnet og internasjonale menneskerettsorgan.
Informasjonsarbeid
Informasjonsarbeidet er òg ein viktig del av arbeidet til førebyggingseininga. Føremålet er å gje folk flest betre innsyn i tilhøva for dei som er fråtekne fridomen, og å informere om funn og tilrådingar.