Mandat

FNs torturkonvensjon slår fast at tortur og umenneskeleg behandling er absolutt forbodne, og at det aldri kan gjerast unnatak frå dette forbodet.

Kvart år blir menneske fråtekne fridomen sin på grunn av lovbrot, psykisk sjukdom eller andre årsaker. Desse menneska er spesielt sårbare og har auka risiko å bli utsette for tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon, OPCAT, er ei internasjonal menneskerettsleg avtale som har som føremål å verne menneske som er fråtekne fridomen.

Oppgåva til Sivilombodet

Stortinget vedtok 21. juni 2013 at Noreg skulle slutte seg til tilleggsprotokollen til torturkonvensjonen, forkorta OPCAT. Sivilombodet blei tildelt oppgåva med å utøve mandatet i denne tilleggsprotokollen. Sivilombodet har eit særskilt ansvar for å undersøkje om menneskerettane til menneske som er fråtekne fridomen blir tekne vare på, og for å førebyggje tortur og umenneskeleg behandling. Arbeidet gjev òg publikum betre innsyn i tilhøva på stader der menneske er fråtekne fridomen.

Førebyggingseininga

På bakgrunn av dette mandatet blei det oppretta ei eiga førebyggingseining ved Sivilombodet sitt kontor i 2014. Førebyggingseininga besøkjer regelmessig stader der menneske er fråtekne fridomen, til dømes fengsel, politiarrestar, institusjonar innan psykisk helsevern og barnevernsinstitusjonar. På bakgrunn av besøka gjev Sivilombodet tilrådingar med sikte på å førebyggje tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff.

Les meir om:

Definisjonar

Fridomstap

Ei kvar form for varetekt eller fengsling og plassering i offentleg eller privat forvaring som personen det gjeld ikkje kan forlate av eiga vilje, etter ei avgjerd teken av styresmaktene.

Stader der menneske er fråtekne fridomen

Ein kvar stad der staten har jurisdiksjon og kontroll der personar er eller kan vere fråtekne fridomen, anten etter ei avgjerd teken av ei offentleg styresmakt eller etter oppmoding frå ei slik styresmakt, eller med styresmakta sitt uttrykkelege eller implisitte samtykke.

Grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling

Når ein offentleg tilsett eller ein privatperson på vegner av ein offentleg tilsett med vilje utset eit menneske for sterk fysisk eller psykisk smerte eller liding.

Tortur

Når ei slik handling blir utført for å få fram opplysningar eller ei tilståing, eller for å skremme, straffe, truge eller tvinge nokon til underkasting.

Lover og forskrifter: