Nasjonal dialog
For å oppfylle mandatet om å førebyggje tortur og umenneskeleg behandling på ein effektiv måte er Sivilombodsmannen avhengig av god dialog med dei ansvarlege styresmaktene på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå. Difor er det ein viktig del av førebyggingsarbeidet å ha møte med departement, direktorat og fylkesmenn med jamne mellomrom.
Ombodsmannen vil òg føre ein brei dialog med relevante aktørar frå sivilsamfunnet. Eit eige rådgjevande utval sikrar råd og innspel til førebyggingseininga sitt arbeid. Fleire formelle og uformelle møtestrukturar er under etablering for å få innspel frå involverte profesjonsgrupper, forskarnettverk og akademia, organisasjonar som jobbar for å styrkje rettar, og organisasjonar for brukarar eller pårørande o.a.
Informasjonsarbeid
Å dele informasjon om tilhøva for menneske som er fråtekne fridomen og gjere utfordringane i dei ulike sektorane offentleg kjende er ei prioritert oppgåve for Sivilombodsmannen. Sivilombodsmannen sine tilsette deltek på mange seminar og konferansar for å kaste lys over ulike problemstillingar knytte til fridomstap og samstundes innhente informasjon frå fagmiljø og auke sin eigen kunnskap og kompetanse.
