• Forside
  • Uttalelser
  • Arbeidsområdet til ombodsmannen – innsynssaker som har vore behandla av Kongen i statsråd

Arbeidsområdet til ombodsmannen – innsynssaker som har vore behandla av Kongen i statsråd

Saka gjaldt nekta innsyn i dokument hos Statsministerens kontor (SMK). Mens saka var til behandling hos ombodsmannen gjorde Kongen i statsråd vedtak i ei sak om innsyn i det same dokumentet som klagen til ombodsmannen gjaldt. I avgjerda hadde Kongen i statsråd berre avgjort om det var heimel for å nekte innsyn. Derimot hadde Kongen i statsråd ikkje prøvd meirinnsynsvurderinga som SMK hadde gjort. Ombodsmannen måtte som følgje av dette vurdere kva sider av avgjerda til SMK han hadde høve til å prøve.
Ombodsmannen kom til at han ikkje kunne prøve nokre sider av innsynssaka. Avgjerder frå Kongen i statsråd fell utanfor arbeidsområdet til ombodsmannen. Når Kongen i statsråd hadde tatt stilling til spørsmålet om det var heimel for å nekte innsyn, var det klart at ombodsmannen ikkje kunne prøve denne sida av saka. Sjølv om Kongen i statsråd ikkje hadde prøvd meirinnsynsvurderinga til SMK, var det heller ikkje mogleg for ombodsmannen å vurdere dette spørsmålet uavhengig av heimelspørsmålet. Også den førebuande saksbehandlinga hos SMK fall utanfor arbeidsområdet til ombodsmannen når Kongen i statsråd hadde gjort det endelege vedtaket i saka.

Bergens Tidende, Dagbladet, TV2 og Dagens Næringsliv klaga til ombodsmannen over nekta dokumentinnsyn hos Statsministerens kontor (SMK). Bakgrunnen var at dei hadde vorte nekta innsyn i eit dokument som gjaldt nedteikningar ein statssekretær hadde gjort om sin kontakt med konsernsjefen i DnB NOR. SMK hadde kome til at det dreidde seg om eit internt dokument, og at det derfor kunne nektast innsyn etter offentlighetsloven 19. juni 1970 nr. 69 § 5 første ledd. Meirinnsyn hadde vorte vurdert, men SMK hadde kome til at klagarane ikkje skulle få tilgong til nokre deler av dokumentet.

Det vart bestemt å undersøkje saka nærmara, og i eit brev herfrå vart SMK bedt om å gjere greie for saka. I svaret frå SMK vart det opplyst at SMK hadde motteke fleire klager over avslag i det same dokumentet som klagene til ombodsmannen gjaldt. Desse klagene hadde no vorte behandla av Kongen i statsråd. Kopi av avgjerda frå Kongen i statsråd følgde vedlagd. Av avgjerda gjekk det fram at også Kongen i statsråd hadde kome til at det kunne nektast innsyn i dokumentet etter offentlighetsloven § 5 første ledd. Kongen i statsråd hadde derimot ikkje overprøvd meirinnsynsvurderinga til SMK, jf. offentlighetsloven § 9 tredje ledd siste punktum.

Etter ombodsmannslova 22. juni 1962 nr. 8 § 4 første ledd bokstav b fell avgjerder frå Kongen i statsråd utanfor arbeidsområdet til ombodsmannen. Det var derfor klart at ombodsmannen ikkje lenger kunne prøve dei sidene ved saka som Kongen i statsråd uttrykkeleg hadde tatt stilling til, nemlig spørsmålet om det var heimel for å nekte innsyn. Derimot gav ordlyden i § 4 første ledd bokstav b ikkje noko klart svar på om ombodsmannen også var hindra frå å prøve meirinnsynsvurderinga til SMK, sidan denne sida av saka ikkje var behandla av Kongen i statsråd. Ombodsmannen hadde heller ikkje tatt stilling til tilsvarande problemstilling i tidlegare saker, og det vart derfor funnet grunn til å undersøkja dette spørsmålet nærmare. SMK vart derfor bedt om å gjere greie for meirinnsynsvurderinga si, og om å sende over dokumentet klagarane ynskja innsyn i.

SMK svarte på førespurnaden herfrå, og sendte samstundes over dokumentet saka gjaldt. Svarbrevet vart også lagt fram for klagarane i delvis sladda versjon, etter ynskje frå SMK. Klagarane fekk etter dette moglegheit til å komme med ytterlegare merknader til saka.

I eit avsluttande brev til SMK uttalte eg:

«Etter ei gjennomgåing av saka, har eg kome til at det ikkje vil vere i samsvar med mitt mandat å overprøve meirinnsynsvurderinga hos SMK når Kongen i statsråd har teke stilling til om det kan nektast innsyn i dokumentet. Etter offentlighetsloven § 2 tredje ledd kjem rett nok plikta til å vurdere meirinnsyn i tillegg til plikta til å gi innsyn dersom det ikkje er heimel for å nekte dette, jf. § 2 første ledd. Systemet i lova er likevel at desse to spørsmåla skal vurderast i éin slutningsprosess. Omsyna som ligg bak heimelen som vert nytta for å nekte innsyn, vil dessutan kunne verke styrande for kva omsyn som er relevante i meirinnsynsvurderinga. Når eg, som følgje av avgjerda frå Kongen i statsråd, ikkje har høve til å prøve heimelsspørsmålet, er det derfor ikkje mogleg for meg å gjere ei sjølvstendig vurdering av meirinnsynsspørsmålet. Eg har derfor kome til at ombodsmannslova § 4 første ledd bokstav b må tolkast slik at også meirinnsynsspørsmålet fell utanfor arbeidsområdet mitt.

Enkelte av klagarane har stilt spørsmål om det var saksbehandlingsfeil at SMK ikkje gjorde klagarar merksame på at ein klage til Kongen i statsråd ville hindre at saka kunne behandlast av ombodsmannen. Dette er eit spørsmål om saksførebuinga i klagesaka. Både eg og tidlegare ombodsmenn har tolka føresegna i ombodsmannslova § 4 første ledd bokstav b slik at også saksførebuinga i underordna organ fell utanfor arbeidsområdet til ombodsmannen når Kongen i statsråd har fatta den endelege avgjerda i saka. Denne tolkinga har også fått tilslutning frå Stortinget, sjå Innst. O. nr. 15 (1979-1980) s. 5 flg.

Eg er såleis kome til at klagesaka fell utanfor arbeidsområdet til ombodsmannen, noko som synest å vere i tråd med dei omsyna som ligg bak føresegna i ombodsmannslova § 4 første ledd bokstav b.»