Fråsegn – forelding av krav om kommunale avgifter

Saka gjeld spørsmål om forelding av krav om tilknytingsavgift for vatn og avløp og etterbetaling av avgifter for ein eigedom i Voss kommune.

Tidspunktet då eigedommen blei tilknytt det kommunale nettet for vatn og avløp, dannar utgangspunktet for å berekne fristen for forelding av kravet om tilknytingsavgift.

Voss kommune hadde kunnskap om klagarane og om at kommunen hadde eit krav om tilknytingsavgift som kunne gjerast gjeldande overfor dei. Sjølv om det var nødvendig å arealberekne huset for å kunne berekne kravet om tilknytingsavgift, kan ikkje kommunen seiast å ha mangla «nødvendig kunnskap om fordringen», noko som gir grunnlag for ein tilleggsfrist for forelding etter lov 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer § 10 nr. 1.

Eit orienteringsbrev og ei oppmoding frå kommunen om å avtale tid for arealoppmåling for å kunne berekne tilknytingsavgifta avbryt ikkje i seg sjølv foreldingsfristen.

Saksbakgrunn

A knytte seg i desember 2006 til eit nytt anlegg for vatn og avløp i Voss kommune. I brev 7. mars 2008 til A orienterte kommunen om at det var nødvendig å måle opp huset for å berekne storleiken på tilknytingsavgifta.

Hausten 2010 fekk A rekningar frå kommunen for tilknytingsavgift og etterbetaling av løpande avgifter for åra 2007–2010. A klaga til kommunen og hevda at delar av krava måtte vere forelda. Kommunen avviste at krava var forelda, og viste til at kommunen i brevet 7. mars 2008 hadde orientert om at kommunen mangla informasjon om storleiken på bustaden for å rekne ut tilknytingsavgifta.

Klagen til ombodsmannen og undersøkingane herifrå

A kontakta ombodsmannen 2. juli 2012 og klaga over Voss kommune si grunngiving for at krava ikkje var forelda. Klagarane viste òg til at kommunen hadde forskjellsbehandla naboar, for andre hadde fått medhald i at tilsvarande krav var forelda.

Etter å ha gjennomgått klagen med vedlegg og saksdokument frå Voss kommune blei det funne grunn til å undersøkje delar av saka nærmare.

I brev 5. november 2012 blei kommunen bedd om å kommentere opplysningar frå klagarane om at naboar hadde fått medhald hos kommunen i tilsvarande saker. Kommunen blei vidare bedd om å opplyse om årsaka til forskjellsbehandlinga dersom naboar var behandla ulikt.

Voss kommune kom tilbake til saka i brev 9. november 2012 og opplyste mellom anna om følgjande:

«Det er riktig som de nemner i dykkar brev at eigedomen med GBnr. … og … har fått medhald i klage på betaling av tilknytingsavgift. Grunnen til dette er at kravet er forelda pga. ein rutinesvikt her hjå oss. Faktura vart utsendt til abonnent omlag 5 år etter påkoplinga (sjå vedlagt dokument).

Når det gjeld eigedom …, eigarar: …, så er faktura for tilknytingsavgift sendt ut innan tidsfrist i.h.t. foreldelse. Det er også gitt melding i brev av 07.03.2008 om årsak til at tilknytingsavgift enno ikkje var tilsendt (sjå vedlegg).»

I brev 22. januar 2013 blei det stilt følgjande oppfølgingsspørsmål til Voss kommune:

«1. Kva reglar og fristar for forelding har Voss kommune lagt til grunn overfor klagarane?

2. Frå kva tidspunkt meiner Voss kommune at klagarane hadde plikt til å betale tilknytingsavgift?

3. På kva tidspunkt meiner Voss kommune at kommunen braut foreldingsfristen overfor klagarane?»

Voss kommune svarte slik i brev 1. februar 2013:

«I samband med vurdering av evt. forelding av uteståande krav legg Voss kommune til grunn Lov om foreldelse av fordringer (foreldelsesloven) §§ 2 og 10.1, samt Lov om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven) § 12.1.2.

Når det gjeld tilknytingsavgift for eigedom …/…, så vart det 07.03.2008 sendt ut brev (sjå vedlegg) frå Voss kommune til  [A] om at taksering måtte utførast før faktura for tilknytingsavgift kunne sendast ut. [A] visste då at faktura for tilknyting til det kommunale vatn- og avløpsnett ville koma når denne informasjonen kom Voss kommune i hende.

I flg. våre vurderingar med støtte i ovanfor nemnte lover, er vårt krav legitimt og ikkje forelda på det tidspunkt det vart fakturert.»

Klagarane kom mellom anna med desse merknadene til brevet frå kommunen:

«Vi ser at Voss kommune står fast ved grunngjevinga si og meiner brev om taksering send ut 07.03.2008, gjer at dei held seg innanfor lova om forelding. Vi er ueinige i at dette er grunnlag nok. Noko som og advokat i tenestetorget i kommunen meinte. Tida skal reknast frå då betalingskrav vart send til oss i 2010. Ut frå det er det ikkje tvil om forelding for delar av krava i rekningane vi fekk.

Vi stiller oss undrande til at kommunen bruker brevet om taksering som grunngjeving, då vi har oppfatta det slik at alle i grenda skal ha fått dette brevet. Likevel har nokre fått medhald. Tilbakebetaling/fråfall om krav gjeld ikkje berre ein nabo som kommunen trekkjer fram i eit av sine brev.»

Brevet frå klagarane blei sendt til Voss kommune for merknader, og det blei særleg spurt om kommunen meinte at brev 7. mars 2008 braut foreldingsfristen overfor klagarane. Voss kommune stadfesta i brev 3. april 2013 at kommunen meinte at det aktuelle brevet braut foreldingsfristen.

Klagarane har ikkje komme tilbake med ytterlegare merknader til saka.

Mitt syn på saka

Saka gjeld spørsmål om korvidt fakturaene for tilknytingsavgift og løpande avgifter som Voss kommune sende til klagarane hausten 2010, var heilt eller delvis forelda betalingskrav. Undersøkingane herifrå har særleg dreidd seg om spørsmålet om korvidt kravet om tilknytingsavgift var forelda.

Voss kommune avslo i brev 7. oktober 2010 klagarane sine motsegner om forelding, og dette spørsmålet blei i første omgang avvist som forelda for behandling hos ombodsmannen, jf. sivilombodsmannslova § 6, der det går fram at fristen for å klage til ombodsmannen er eitt år frå tidspunktet for avgjerda til forvaltinga. På bakgrunn av opplysningar om at Voss kommune gav naboar til klagarane medhald i at tilsvarande krav var forelda, og at klagarane først i 2012 blei merksame på at kommunen hadde behandla betalingskrava ulikt, blei det likevel funne grunn til å ta spørsmålet opp til nærmare undersøkingar.

For å kunne ta stilling til om eit krav er forelda eller ikkje, må det først klarleggjast når foreldingsfristen tok til å gjelde, dernest om fristen framleis gjeld, og om fristen på noko tidspunkt er blitt avbroten, eller om det ligg føre omstende som tilseier at reglar om tilleggsfrist skal gjelde.

På spørsmål om kva reglar og fristar for forelding Voss kommune hadde lagt til grunn overfor klagarane, har kommunen opplyst at saka var vurdert etter lov 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer (foreldelsesloven) §§ 2 og 10 første ledd og lov 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkreving av skatte- og avgiftskrav (skattebetalingsloven) § 12-1 (2). Kommunen har ikkje svart på spørsmålet om når han meinte at klagarane hadde plikt til å betale tilknytingsavgifta, men at brev 7. mars 2008 avbraut foreldingsfristen overfor klagarane.

  1. Spørsmål om forelding av krav om tilknytingsavgift

Det følgjer av foreldelsesloven  § 3 nr. 1 at «(f)oreldelsesfristen regnes fra den dag da fordringshaveren tidligst har rett til å kreve å få oppfyllelse.»

Plikta til å betale avgift for vatn og avløp følgjer av lov 16. mars 2012 nr. 12 om kommunale vass- og avløpsanlegg § 3 første punktum: «Når ein fast eigedom har tilknyting til kommunal vass- eller avløpsleidning, anten beinveges eller gjennom privat samleidning, har eigaren skyldnad til å svare vass- og avløpsgebyr til kommunen.» Det same gjaldt etter tidlegare lov 31. mai 1974 nr. 17 § 1. I § 10 i forskrift om vass- og avløpsgebyr for Voss kommune, revidert 31. desember 2009, heiter det òg: «Eingongsgebyr for tilknyting må vere innbetalt før tilknyting skjer.»

Gebyrplikta for klagarane gjaldt etter dette på det tidspunktet eigedommen deira blei knytt til det kommunale VA-anlegget i desember 2006. Ved tilknytinga ville Voss kommune som fordringshavar ha rett til å krevje betaling av tilknytingsavgifta, og tidspunktet for tilknytinga dannar derfor utgangspunktet for å berekne fristen for forelding av kravet om tilknytingsavgift, jf. foreldingslova § 3.

Det følgjer av foreldelsesloven § 2, som Voss kommune òg har lagt til grunn, at den alminnelege foreldingsfristen er tre år. Når utgangspunktet for fristberekninga er desember 2006, ville kommunen sitt krav om betaling av tilknytingsgebyr overfor klagarane ha blitt forelda i desember 2009, med mindre kommunen i mellomtida gjorde noko for å avbryte foreldinga eller det låg føre andre omstende som tilsa at kravet likevel ikkje blei forelda.

Voss kommune har uttalt at brev 7. oktober 2008 frå kommunen til klagarane medførte at kravet om betaling av tilknytingsgebyret ikkje var forelda då kommunen seinare sende klagarane rekning hausten 2010. Det var uklart kva rettsleg verdi kommunen meinte brevet hadde, og på direkte spørsmål herifrå har kommunen opplyst at brevet braut foreldingsfristen fordi klagarane fekk melding om at informasjon måtte skaffast før fordringa kunne sendast. Ettersom kommunen i sin argumentasjon har vist til foreldelsesloven § 10 nr. 1, som ikkje gjeld avbrot av forelding, men tilleggsfristar for forelding, verkar det nærliggjande at kommunen meiner at det var omstende i saka som gav grunnlag for å berekne ein slik tilleggsfrist.

Etter foreldelsesloven § 10 nr. 1 følgjer det at «(d)ersom fordringshaveren ikke har gjort fordringen gjeldende fordi han manglet nødvendig kunnskap om fordringen eller skyldneren, inntrer foreldelse tidligst 1 år etter den dag da fordringshaveren fikk eller burde skaffet seg slik kunnskap». Når kommunen har vist til denne føresegna, legg eg til grunn at kommunen meiner han ikkje hadde «nødvendig kunnskap om fordringen» før arealet var utrekna. I Gyldendal Rettsdatas kommentarar til foreldelsesloven § 10 nr. 1 heiter det mellom anna:

«Manglende kunnskap om ‘fordringen’ vil en fordringshaver ha når han ikke kjenner til at fordringen eksisterer. … En fordringshaver vil ha nødvendig kunnskap når et krav fremstår som prosedabelt, selv om det er usikkerhet knyttet til det endelige utfallet.»

Føresegna tek med andre ord sikte på å gi ein tilleggsfrist for forelding der fordringshavaren ikkje har hatt nok kunnskap til aktivt å kunne fremje eit betalingskrav. Det er på det reine at Voss kommune i denne saka hadde kunnskap om klagarane og om at kommunen hadde eit krav om tilknytingsavgift som kunne gjerast gjeldande overfor dei. Kommunen mangla på eit tidspunkt kunnskap om arealet på huset for å kunne berekne kravet, men det kan ikkje reknast som manglande kunnskap om sjølve fordringa. Eg kan på denne bakgrunn ikkje sjå at Voss kommune mangla slik kunnskap som foreldelsesloven § 10 nr. 1 tek sikte på å gi ein tilleggsfrist for forelding for.

Spørsmålet som står att å svare på etter dette, er om brev 7. oktober 2008 frå Voss kommune til klagarane kan seiast å ha avbrote treårsfristen for forelding av kravet om tilknytingsavgift. Foreldelsesloven har reglar om avbrot av forelding i §§ 14–19. Voss kommune har ikkje vist til nokon av desse føresegnene, og dei er heller ikkje aktuelle i denne saka. Brevet 7. oktober 2008 var ei orientering og ei oppmoding frå kommunen om å avtale tid for arealoppmåling for å kunne berekne tilknytingsavgifta. Utover dette kan ikkje brevet seiast å innebere verken ei erkjenning frå skyldnaren etter foreldelsesloven § 14 eller eit rettsleg skritt etter foreldingslova § 15 eller på annan måte danne grunnlag for fristavbrot for forelding av kravet som oppstod i desember 2006.

Det følgjer av dette at Voss kommune sitt krav om tilknytingsavgift overfor klagarane var forelda då kommunen gjorde kravet gjeldande hausten 2010. Klagarane var derfor i same situasjon som naboane som fekk medhald av kommunen i at tilsvarande krav var forelda.

Slik saka er opplyst, har Voss kommune utan rettsleg grunnlag kravd innbetaling av tilknytingsavgift frå klagarane, utan omsyn til protestane deira, og kommunen har òg forskjellsbehandla naboar. Eg ber på denne bakgrunn Voss kommune om å vurdere saka til klagarane på nytt og ta dei nødvendige skritta for å rette opp feila som er gjorde.

  1. Spørsmål om forelding av krav om løpande avgifter

Voss kommune har opplyst at kommunen la til grunn skattebetalingsloven § 12-1 andre ledd i tillegg til foreldelsesloven ved foreldingsvurderinga.

Det følgjer av vass- og avløpsanleggslova § 6 og den tidlegare vass- og kloakkavgiftslova § 4, at gebyr etter lova kan krevjast inn etter reglane for skatteinnkrevjing. Ein reknar likevel ikkje med at ei slik generell tilvising til innkrevjingsreglane medfører at den særskilde føresegna i skattebetalingsloven § 12-1 andre ledd om forelding av skatte- og avgiftskrav gjeld. Vi viser her til kommentarar i Gyldendal Rettsdata om bruken av skattebetalingslova § 12-1 andre ledd når det gjeld avgifter for vatn og avløp.

I saka til klagarane vil dermed foreldingsfristen for dei løpande avgiftene òg følgje av det alminnelege utgangspunktet i foreldelsesloven § 3, det vil seie «fra den dag da fordringshaveren tidligst har rett til å kreve å få oppfyllelse», og må vurderast konkret for det enkelte forbruksgebyret i den aktuelle perioden. På same måten som for tilknytingsavgifta kan det ikkje seiast å ha skjedd noko fristavbrot før betalingskravet blei fremja hausten 2010. Når saka blir behandla på nytt, ber eg Voss kommune om å vurdere kva delar av kravet om betaling av løpande avgifter som var forelda og ikkje kunne gjerast gjeldande overfor klagarane.

Eg ba om å bli orientert om utfallet av den nye behandlinga av saka.

Voss kommune tok ombodsmannen si fråsegn til etterretning og ville betale attende tilknytingsavgifta for vatn og avløp til A.