Svar frå Nav om foreldrepengar

I ei fråsegn frå 30. juni i år sa Sivilombodet at Nav har praktisert regelverket om foreldrepengar feil. No har Sivilombodet fått svar frå Nav.

Les dokumenta her

Saka gjeld avkorting av foreldrepengar. Ein far mista 67 dagar med foreldrepengar fordi han søkte etter at mors permisjon var over. Han klaga til Sivilombodet, og fekk medhald.

Sivilombodet meiner at foreldrepengane ikkje skulle ha blitt avkorta. Reglane i folketrygdloven om at foreldrepengane skal takast ut samanhengande, medfører ikkje eit krav om at far må søkje om utsett frist før mors siste dag med stønad.

Les meir om Sivilombodet si fråsegn her: Gjekk i fedrekvote-fella og mista 67 dagar med foreldrepengar

Sivilombodet bad Nav om å sørge for at saka til klagaren vart vurdert på nytt, og orientere Sivilombodet om utfallet av den nye vurderinga. Nav skriv i sin konklusjon: “Ut fra den gjeldende forståelsen av reglene i folketrygdloven §§ 14-10 og 14-11 er det ikke grunnlag for å gjøre om saken til klageren”.

–Det er beklageleg at Nav ikkje følgjer oss i vår vurdering av saka. Stortinget har ei klar forventing om at forvaltinga følgjer fråsegn frå Sivilombodet, også i situasjonar der forvaltinga ikkje er einig med ombodet. Vi meiner at praksisen Nav har hatt, ikkje er i samsvar med gjeldande rett, seier sivilombod Hanne Harlem.

Oppdatert med svarbrev frå Sivilombodet til Nav 29.10.2021 – sjå dokument øvst i artikkelen.