Rapport frå Haukeland Universitetssjukehus, Regional sikkerheitspost

Sivilombodet har publisert ein ny rapport frå besøk til regionale sikkerheitsavdelingar, denne gongen frå Haukeland Universitetssjukehus, Regional sikkerheitspost, i Bergen.

Les rapporten her:

Sivilombodet besøkte den regionale sikkerheitsavdelinga i Bergen, 5.–7. desember 2022. Avdelinga gir tilbod til menneske med alvorlege sinnslidingar som kan vere til fare for andre eller er for ressurskrevjande for det ordinære helsevesenet. Dette er det tredje besøket til regionale sikkerheitsavdelingar som Sivilombodet har gjennomført hausten 2022. Rapportane frå Dikemark og Østmarka er dei to andre.

No er den endelege rapporten frå besøket klar.

Svake grunngivingar for bruk av tvang

I rapporten peikar Sivilombudet på at grunngivingane for bruk av tvang ikkje alltid oppfylte krava i lova. Det var blant anna vedtak der det var vanskeleg å forstå kva som gjorde at personalet meinte at det var nødvendig å bruke belte på pasientane i nokre situasjonar. Det var òg vanskeleg å sjå om ein hadde vurdert mindre inngripande tiltak. Belteseng og transportbelte skal berre brukast i nødrettsliknande situasjonar. Likevel fann vi eksempel på bruk av belte for å forhindre ein fare som kunne oppstå i framtida.

– Sjukehuset bør straks sikre at belteseng og transportbelte berre blir brukt i akutte faresituasjonar, og at bruken blir avslutta med ein gong det ikkje lenger er fare for skade, understrekar sivilombod Hanne Harlem.

Ombodet peikar òg på at ein pasient framleis var tvangsinnlagd for utgreiing ved RSA etter at det var konkludert med at pasienten ikkje oppfylte grunnvilkåret om tvangsinnlegging.

– Det er sjukehuset sitt ansvar å sikre at ingen blir halden ufrivillig på ei sikkerheitsavdeling utan at det er heimel for det, seier Hanne Harlem.

Kroppsvisitasjon på besøksrom

I rapporten kjem det fram at nakenvisitasjon regelmessig blir gjennomført på besøksrommet. Kroppsvisitasjon er eit svært inngripande tiltak. Å måtte kle seg naken i eit besøksrom med gjennomgang til inngangsområdet, med fleire dører og vindauge, er ikkje eigna til å skape tryggleik i ein slik intim situasjon. Det kom også fram at dei tilsette var usikre på korleis visitasjonar skulle gjennomførast. Dette skapar ein risiko for å gjennomføre meir omfattande inngrep enn det er lov til.

– Det er viktig at Regional sikkerheitspost i Bergen sikrar at visitasjonar blir gjennomførte i lokale som varetek omsynet til tryggleik og privatliv for pasientane, seier sivilombod Hanne Harlem.

Ho understrekar òg at sjukehuset må sikre gode skriftlege rutinar og opplæring av tilsette for å sørge for ein einsarta praksis.

Om besøket frå Sivilombodet

Regional sikkerheitspost Bergen er plassert i utkanten av eit sjukehusområde i Sandviken i Bergen, og ligg i same bygg som den lokale sikkerheitsavdelinga. Sivilombodet besøkte dei to døgnpostane ved den regionale sikkerheitsavdelinga. Sjukehuset blei på førehand varsla om at Sivilombudet planla å gjennomføre eit besøk i løpet av 2022, men ikkje om datoen for besøket.

Besøket var det tredje og siste besøket til regionale sikkerheitsavdelingar (RSA). Tidligare har Sivilombudet besøkt RSA Dikemark, Oslo Universitetssykehus og RSA Østmarka, St. Olavs hospital.

Sivilombodet

Sivilombodet arbeider for å førebygge tortur og umenneskeleg behandling i institusjonar ved å besøke stader der menneske er fråtekne fridomen. Det omfattar blant anna fengsel, politiarrestar, psykiske helseverninstitusjonar og barnevernsinstitusjonar.

For meir informasjon, kontakt kommunikasjonssjef Trude Julie Dommerud, tjd@sivilombudet.no tlf. 98435516