Når vi er på besøk

Du er den som veit best korleis det er å vere der du er, og difor vil vi gjerne snakke med deg. Erfaringane dine er viktige for at vi skal få god kunnskap om staden vi besøkjer, og for at vi skal kunne kome med gode tilrådingar om kva som kan gjerast annleis. Vi har teieplikt om det du fortel oss.

Illustrasjonsbilde, privat samtale mellom barn og voksen.

Når vi er på besøk, går vi rundt for å sjå korleis det ser ut. Er det ein triveleg stad å kome til? Har du det du treng på rommet ditt? Er fellesareala fine? Vi ber om å få lese viktige dokument som t.d. husreglar, rutinar, vedtak og protokollar. Blir rettane dine tekne vare på på ein god måte? Blir det brukt mykje tvang? Korleis jobbar dei tilsette for å unngå å bruke tvang?

Vi er opptekne av korleis du blei teken imot då du kom, om du får vere med på å bestemme over din eigen kvardag, om du får treffe vener og familie, om du går på skulen og kan delta på aktivitetar, og om du kjenner deg trygg og teken vare på. Vi snakkar òg med dei som jobbar her, men ikkje om det du har sagt til oss.

Etter besøket skriv vi ein rapport der vi gjev tilrådingar til institusjonen om kva som kan gjerast betre. Alle samtaler er anonymiserte i rapporten. Det tyder at ingen vil kunne vite kven som har sagt noko til oss eller akkurat kva du har sagt.

Kva kan du hjelpe oss med?

  • Korleis var det å kome til den staden der du er no?
  • Kva slags informasjon får du?
  • Kva er bra her?
  • Er det noko du skulle ønskje var annleis?
  • Brukar nokon tvang mot deg?
  • Har du eller nokon andre her blitt dårleg behandla?
  • Får du god hjelp av dei som jobbar her når du treng det?