Innsyn i organinternt dokument – vurderinga av meirinnsyn
Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet nekta å gi innsyn i mellom anna ein interdepartemental rapport. Det var vist til at rapporten var utarbeida for regjeringa si eiga interne saksførebuing. Rapporten skulle danne grunnlaget for regjeringa sitt svar på eit representantforslag om å innføre ei registreringsordning for lobbyverksemd i Stortinget, i departementa og på statsministeren sitt kontor.
Ombodsmannen fant departementet si grunngjeving for å nekte innsyn i rapporten noko generell og uklar, og kom til at det var grunn til å tvile på om det låg føre eit reelt og sakleg behov for å nekte innsyn i heile rapporten. Departementet blei bedt om å handsame spørsmålet om innsyn på nytt.
Departementet vurderte saka på nytt og gav innsyn i delar av rapporten.