Fråsegn – forelding av krav om kommunale avgifter
Saka gjeld spørsmål om forelding av krav om tilknytingsavgift for vatn og avløp og etterbetaling av avgifter for ein eigedom i Voss kommune.
Tidspunktet då eigedommen blei tilknytt det kommunale nettet for vatn og avløp, dannar utgangspunktet for å berekne fristen for forelding av kravet om tilknytingsavgift.
Voss kommune hadde kunnskap om klagarane og om at kommunen hadde eit krav om tilknytingsavgift som kunne gjerast gjeldande overfor dei. Sjølv om det var nødvendig å arealberekne huset for å kunne berekne kravet om tilknytingsavgift, kan ikkje kommunen seiast å ha mangla «nødvendig kunnskap om fordringen», noko som gir grunnlag for ein tilleggsfrist for forelding etter lov 18. mai 1979 nr. 18 om foreldelse av fordringer § 10 nr. 1.
Eit orienteringsbrev og ei oppmoding frå kommunen om å avtale tid for arealoppmåling for å kunne berekne tilknytingsavgifta avbryt ikkje i seg sjølv foreldingsfristen.