Brukarens høve til samtale med sakshandsamar i Nav
Ein part som har sakleg grunn for det skal etter reglane i forvaltningslova ha høve til å drøfte saka munnleg med ein tenestemann ved det forvaltningsorganet som handsamar saka. Etter fleire klagar hit tok ombodsmannen av eige tiltak opp med Arbeids- og velferdsdirektoratet korleis dagens praksis i Nav der dei avgjerande organa vert skjerma frå direkte kontakt med brukarane, stod seg i høve til desse reglane.
Ombodsmannen fann ikkje framstillinga til Arbeids- og velferdsdirektoratet heilt tilfredsstellande, og oppfordra direktoratet til ein kritisk gjennomgang av dagens praksis.