Om verksemda i 2007
1. Kva gjer ombodsmannen?
2. Klager i 2007 og utfallet av behandlinga hos ombodsmannen
3. Saker som er tekne opp av eige tiltak
4. Særskild melding til Stortinget
5. Møte og besøk
6. Høyringsfråsegner
7. Arbeidet med å sikre at menneskerettane blir respekterte
8. Saksbehandlingstid
9. Innsyn i saksdokumenta hos ombodsmannen
10. Nettstad og kommunikasjon med klagarar via e-post og telefon
11. Organisasjon og personale
12. Likestilling
13. Kva står i årsmeldinga
1. Kva gjer ombodsmannen?
Sivilombodsmannen undersøkjer og uttaler seg på rettsleg grunnlag om kor vidt offentlege styresmakter etter hans syn har handla feil eller gjort urett mot borgarane. All offentleg verksemd og heile den offentlege forvaltninga kan kontrollerast av ombodsmannen. Han kan òg kontrollere om styresmaktene har respektert og sikra menneskerettane, og om saksbehandlinga har vore i samsvar med god forvaltningsskikk.
Undersøkingane blir i hovudsak sette i verk etter klager frå enkeltpersonar, organisasjonar eller andre juridiske personar. Men ombodsmannen kan òg setje i gang undersøkingar av eige tiltak, det vil seie utan at det er klaga. Ombodsmannen kan seie si meining i dei sakene han har undersøkt, men kan ikkje gjere vedtak som er rettsleg bindande. Styresmaktene plar likevel bøye seg for det ombodsmannen har sagt.
Gjennom Sivilombodsmannen kan borgarane få ei enkel, nøytral og objektiv rettsleg undersøking og vurdering av dei avgjerdene styresmaktene tek. Det er heller ikkje berre avgjerder i forvaltninga ombodsmannen kan undersøkje og overprøve. Han kan òg kontrollere styresmaktene sin handlemåte, unnlatingar dei har gjort seg skuldige i, og andre tilhøve knytte til verksemda i forvaltninga. Når forvaltninga ikkje svarer, når saksbehandlinga dreg ut, når det ikkje lèt seg gjere å få kontakt med forvaltninga, eller når tenestemennene i forvaltninga oppfører seg på ein uhøvisk eller krenkjande måte, kan borgarane klage til ombodsmannen. Gjennom ombodsmannen kan borgarane på ein praktisk og billeg måte få saka si, eller det problemet dei har med ei offentleg styresmakt, gjennomgått og vurdert. For den enkelte kan undersøkingane hos ombodsmannen vere eit nyttig og praktisk alternativ til å måtte gå til domstolane. Det er òg viktig at den enkelte kan klage til ombodsmannen på eiga hand utan å bruke sakkunnig hjelp, til dømes advokat.
Ved kontoret arbeider 32 juristar og eit administrativt støtteapparat på 13 personar. Kontoret er inndelt i fem avdelingar med ansvar for kvar sine fagområde. Inndelinga i fagavdelingar gir ombodsmannen og dei ulike kontorsjefane ei kontinuerleg oversikt over saksporteføljen og betre føresetnader for å prioritere og effektivisere saksbehandlinga. Ombodsmannen les personleg alle klager som kjem inn, og tek standpunkt i alle saker som blir tekne opp med forvaltninga og, etter tilhøva, i saker som blir avslutta utan nærmare undersøkingar.
2. Klager i 2007 og utfallet av behandlinga hos ombodsmannen
I 2007 kom det inn 2126 klager. 926 av desse klagene blei avviste på formelt grunnlag. Klager retta mot organ, institusjonar og andre sjølvstendige rettssubjekt som ikkje er ein del av den offentlege forvaltninga, fell utanfor ombodsmannsordninga og blir avviste. Også dersom ein anke- eller klageinstans i forvaltninga ikkje er utnytta, blir ei klage til ombodsmannen vanlegvis avvist, for som hovudregel skal kontrollen hos ombodsmannen vere etterfølgjande. Det vil seie at forvaltninga sjølv må få høve til å behandle og avgjere spørsmålet som klaga til ombodsmannen gjeld. Endeleg er det ein tidsfrist for å klage til ombodsmannen. Klager til ombodsmannen må vere framsette seinast eitt år etter at tenestehandlinga eller forholdet det blir klaga over, blei utført eller opphøyrde.
Ombodsmannen må òg avgjere om det ligg føre tilstrekkeleg grunn til å behandle klaga. Alle klager blir gjennomgått med sikte på å avgjere kva som eventuelt skal skje. Når det blir klaga på forvaltningsavgjerder, ber ombodsmannen forvaltninga om å sende saksdokumenta. Såleis er det rett å seie at alle klager blir undersøkte. Men det som blir framført i klaga, og det som går fram av saksdokumenta, avgjer kor omfattande undersøkinga blir, og korleis den vidare behandlinga blir. I den undersøkinga som blir utført i den innleiande fasen, blir klaga, saksdokumenta som klagaren har sendt inn, og dei innsende saksdokumenta frå forvaltninga gjennomgått. Siktemålet no er å finne ut om det er noko som tyder på at det kan vere gjort feil eller urett mot den som har klaga. Sjølv om det blir konstatert at det er gjort feil, bør feilen vere så pass alvorleg at det kan vere grunn til å påtale han. Mindre feil, og feil som kan synast å ha vore eit eingongstilfelle, gir normalt ikkje grunn til vidare behandling. I nokre slike tilfelle kan ombodsmannen sende klaga vidare til den styresmakta klaga gjeld, med oppmoding om å merkje seg det klagaren har sagt, og ei tilråding om korleis forvaltninga bør innrette seg i framtida.
Det er meininga at undersøkingane skal bli gjennomført nokså fort. Behandlinga av klagene må derfor ikkje blir for omfattande. Saksbehandlinga skal sjølvsagt vere forsvarleg, men må samtidig vere enkel og uformell. Klagaren og forvaltninga må få høve til å uttale seg og leggje frem relevant materiale, men saksbehandlinga må ikkje bli for omstendeleg. Behandlinga skal ikkje vere ein domstolsprosess. Krava til saksbehandlinga må rette seg etter siktemåla med ombodsmannsordninga, nemleg at ho skal vere trygg, men samtidig rask, enkel og billeg. Undersøkingane må vere avgrensa til ein gjennomgang av saksdokument og anna skriftleg materiale. Ombodsmannen kan normalt ikkje avhøyre partar eller vitne, og det er heller ikkje vanleg å halde synfaringar. Vidare er ombodsmannskontrollen først og fremst tenkt som ein rettsleg kontroll. Det inneber at saker der utfallet av behandlinga i forvaltninga er bygd på bevisvurderingar av faktisk eller skjønnsmessig art, og der dokumenta i saka ikkje gir nærmare rettleiing, kan vere mindre eigna for behandling hos ombodsmannen. Då kan domstolsbehandling vere eit betre alternativ.
Av dei sakene som blei tekne opp til nærmare gransking i 2007, blei 829 avslutta etter ein gjennomgang av klaga og saksdokumenta som forvaltninga hadde sendt inn, men utan at saka elles blei lagt fram for eller teken opp med forvaltninga. I 570 av desse sakene, viste det seg, etter ein gjennomgang av klaga og saksdokumenta, at klaga opplagt ikkje kunne føre fram. I dei andre 259 sakene var ein telefon til forvaltninga nok til å ordne opp i saka. Desse sakene gjaldt hovudsakleg lang behandlingstid eller manglande svar frå forvaltninga.
Av dei mottekne klagene enda 178 med ei eller anna form for kritikk eller oppmoding til forvaltninga. Det følgjer av ombodsmannslova § 10 første ledd at ombodsmannen kan «uttale sin mening om saken». Ombodsmannen kan altså påpeike at det er gjort feil i saksbehandlinga eller rettsbruken, og han kan gi uttrykk for at ei avgjerd må reknast som ugyldig, klart urimeleg eller i strid med god forvaltningspraksis. Dessutan kan han gi uttrykk for at det bør ytast erstatning dersom forvaltninga har gjort feil som tilseier det. Viktig er det òg at ombodsmannen kan påpeike at det knyter seg rimeleg tvil til avgjerder som det er klaga på. Slik tvil kan gjelde både faktiske og rettslege forhold. Når ombodsmannen meiner at det er handla feil eller gjort urett, ber han normalt forvaltninga om å vurdere eller behandle den aktuelle saka på nytt. Erfaring tilseier at forvaltninga følgjer slike oppmodingar frå ombodsmannen. Vanlegvis legg forvaltninga òg til grunn dei oppfatningane ombodsmannen gir uttrykk for. Hovudinntrykket er at forvaltninga rettar seg lojalt etter det ombodsmannen ber eller oppmodar om. Når forvaltninga ikkje rettar seg etter ombodsmannen, kan ombodsmannen rå borgaren til å reise sak for domstolane. Konsekvensen av det er at borgaren har krav på fri sakførsel, jf. rettshjelpslova 13. juni 1980 nr. 35 § 16 første ledd nr. 3. Ingen saker har gitt grunnlag for å tilrå søksmål i 2007.
Kapittel IV inneheld referat av dei viktigast fråsegnene frå ombodsmannen i klagesaker i meldingsåret 2007.
3. Saker som er tekne opp av eige tiltak
I tillegg til å behandle klager frå borgarane kan ombodsmannen ta opp saker av eige tiltak. Når han gjer det, er det vanlegvis fordi han i samband med behandlinga av ei klagesak har fått kjennskap til ulovlege eller uheldige tilhøve som det kan vere grunn til å ta opp særskilt. Dersom ombodsmannen får inn fleire klager som gjeld det same spørsmålet, kan det òg vere meir praktisk å ta saka opp på generelt grunnlag og av eige tiltak enn å forfølgje dei konkrete enkeltsakene. Det kan òg vere at opplysningar publikum gir til ombodsmannen, eller opplysningar som kjem fram i media, kan gi grunn til å ta opp saker av eige tiltak. I meldinga for 2004 og 2005 er denne viktige sida ved arbeidet til ombodsmannen nærmare omtalt.
I meldingsåret 2007 har ombodsmannen teke opp 41 saker av eige tiltak, mens talet i 2006 var 40.
Av sakene som blei tekne opp av eige tiltak i 2007, er desse refererte i kapittel IV:
Sak nr. 10: Innsyn i internt budsjettnotat om miljøskadelige subsidier
Sak nr. 15: Møteoffentlighet i Nesna kommune
Sak nr. 52: Saksbehandlingen av midlertidige vedtak i fylkesnemndene for sosiale saker
Sak nr. 61: Forebygging av selvdrap og selvbeskadigelse i fengsel
Sak nr. 72: Saksbehandling – bruk av bokettersynsrevisor til å utarbeide utkast til ligningsnemnda i endringssaker
Sak nr. 78: Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune – saksbehandlingstid, siloordning (køsystem for fordeling til saksbehandler), svar på henvendelser og informasjon om reell saksbehandlingstid
Sak nr. 90: Adgangen til å gi rammetillatelse i byggesaker der sektormyndigheten har stilt seg negativ til tiltaket – om reindriftsloven 1978 § 10 nr. 4 gir anvisning på en samtykkeordning
Sak nr. 97: Spørsmål om boplikt for jord- og skogbrukseiendommer
4. Særskild melding til Stortinget
I dokument nr. 4:1 (2006-2007) gav eg 15. februar 2007 særskild melding til Stortinget med heimel i lov 22. juni 1962 nr. 8 om Stortingets ombudsmann for forvaltningen § 12 andre ledd. Meldinga gjaldt ei undersøking om ein del forhold ved Politiets utlendingsinternat på Trandum.
Bakgrunnen for undersøkinga var eit møte med Politiets utlendingseining hausten 2005 og eit påfølgjande besøk ved utlendingsinternatet i mars 2006. Politiets utlendingseining har ansvaret for drifta av internatet, som er ein lukka, fengselsliknande institusjon for visse grupper utlendingar utan lovleg opphald i riket eller med uavklart identitet. Internatet er heimla i utlendingslova 24. juni 1988 nr. 64 § 37 d, og ein domstol vedtek internering etter nærmare kriterium i lova.
Sentralt i undersøkinga stod den rettslege reguleringa av drifta ved internatet, og særleg bruken av tvang, makt og kontrolltiltak mot dei internerte. Vidare omfatta undersøkinga bruken av innleigde vektarar, inspeksjonsrutinar, mat- og aktivitetstilbod, samtykke til internering og tilsyn med internatet.
Som det går fram av dokument nr. 4:1 (2006-2007), var mangelen på ei nærmare rettsleg regulering av internatdrifta slåande og klart uheldig for rettstryggleiken til dei internerte. Dette var særleg uheldig i kombinasjon med at det ikkje var etablert noko eksternt tilsyn med internatet. Vidare var det uheldig at drifta og rutinane ikkje var tilpassa dei utlendingane som er internerte over lengre tid. Eg var òg kritisk til mellom anna mattilbodet slik det var på tidspunktet for besøket, aktivitetstilbodet for utlendingar med lengre opphald og visse sider ved bruken av innleigde vektarar utan politimynde.
Utlendingslova § 37 d blei endra ved lov 29. juni 2007 nr. 41, som tok til å gjelde 1. juli 2007, og regulerer no rettane til dei internerte og den fullmakta politiet har til mellom anna å setje i verk kontrolltiltak og bruke maktmiddel. Det skal opprettast eit uavhengig tilsynsråd for å «føre tilsyn med driften av utlendingsinternatet og behandlingen av utlendingene som oppholder seg der». Eit forslag til nærmare forskrifter, med heimel i lova, er venta om kort tid. Eg er òg kjend med at eit aktivitetssenter på internatområdet er teke i bruk, og at innleigde vektarar er erstatta med eige tilsett vaktpersonale. Kosthaldet blei endra allereie før ombodsmannen hadde avslutta undersøkingane sine.
Eg vil framleis følgje med på utviklinga ved Politiets utlendingsinternat og sjå til at eit tilsynsråd blir oppretta. Behovet for dette blei nyleg påpeikt av FNs torturkomité (CAT) etter at Noreg hadde sendt sin femte periodiske rapport til komiteen.
5. Møte og besøk
I meldingsåret er det halde møte med ei rekkje ulike organisasjonar og offentlege etatar. Møta opnar for meinings- og informasjonsutveksling og gir meg og medarbeidarane mine nyttig innsikt i forvaltningsverksemda og eit betre grunnlag for å behandle sakene.
I år har eg besøkt Skien fengsel og Vadsø fengsel. Besøka har gitt høve til å møte fangar og tilsette direkte, og likeins til å gjere ombodsmannsordinga betre kjend. Dessutan har det vore nyttig å bli orientert om verksemda og utfordringane ved kvart av fengsla. Begge besøka gav grunnlag for oppfølging med spørsmål til fengsla om ulike tilhøve som besøka hadde avdekt.
Eg har òg besøkt Haukeland universitetssjukehus, psykiatrisk divisjon, Sandviken. Vidare har det vore halde møte med fylkesmennene i Vest-Agder, Troms og Finnmark. Forutan gjensidig orientering om verksemda har tema for møta mellom anna vore vanlege forvaltningsrettslege spørsmål og spørsmål om behandlinga av saker etter sosialtenestelova, barnevernslova og plan- og bygningslova.
Gjennom året har eg og medarbeidarane mine elles delteke på fleire seminar og kurs og halde ei rekkje føredrag og førelesingar.
Delegasjonar frå mange land har vore på besøk. Det er stor internasjonal interesse for å få informasjon om oppgåvene, funksjonane og verkemåten til den norske ombodsmannsordninga. Kontakten med utanlandske institusjonar gir dessutan kunnskap som er verdifull for eige arbeid. Forutan brei kontakt med dei nordiske ombodsmennene har eg delteke på fleire internasjonale møte, mellom anna ein rundebordskonferanse om menneskerettar som den greske ombodsmannen og menneskerettskommissæren i Europarådet arrangerte i Aten, det sjette internasjonale seminaret for europeiske ombodsmenn, som blei halde i Strasbourg, og den femte internasjonale konferansen om offentleggjering og innsyn (International Conference of Information Commissioners), som i år var lagt til New Zealand. Som ledd i eit samarbeid Noreg har innleidd med Kina for å styrkje menneskerettane der, var eg i oktober 2007 på besøk i Beijing og Shanghai. Dette besøket er nærmare omtalt på side 15.
Ei fullstendig oversikt over møte-, besøks- og føredragsverksemda går fram av vedlegg 2.
6. Høyringsfråsegner
Med jamne mellomrom får eg forslag til nye eller endra regelverk til høyring frå forvaltninga. I 2007 kom det inn 97 høyringsforslag. Med unntak av saker som direkte vedgår ombodsmannsinstitusjonen eller forhold som han tidlegare har behandla, har ombodsmennene før meg og eg av prinsipielle grunnar vore tilbakehaldne og forsiktige med å gi høyringsfråsegner til lovforslag. Utgangpunktet for undersøkingane er gjeldande lovgiving, og det fell utanfor mandatet til ombodsmannen å overprøve dei vurderingane lovgivaren har gjort. I 2007 gav eg éin høyringsuttale.
Høyringssaka gjaldt eit forslag frå Finansdepartementet om forskrift om skatteklagenemnder og forskrift om når vedtak fatta av skatteklagenemnda kan leggjast fram for riksskattenemnda til overprøving. I høyringsfråsegna la eg til grunn at det ikkje var tanken at likningsstyresmaktene etter at ein ny klage- og nemndstruktur var innført i skatteetaten, rettsleg eller faktisk skulle stå mindre fritt til å ta opp ei sak til endring i favør av skattytaren etter at ombodsmannen hadde uttalt seg og bedt om ny behandling av saka. Eg fann likevel grunn til å be om at departementet i det vidare forskriftsarbeidet vurderte kor vidt det var nødvendig å tydeleggjere, eventuelt forskriftsfeste, både om desse spesielle endringssakene skulle fremjast for skattekontoret, den regionale skatteklagenemnda eller riksskattenemnda, og om skattekontoret eller Skattedirektoratet skulle vere førebuande organ i desse endringssakene.
Det er mogleg at eg skal vera meir open for å gje uttrykk for korleis eg ser på spørsmål om tilhøva til Den europeiske menneskerettskonvensjonen og andre internasjonale konvensjonar. Det vil vera meir i samsvar med det eg i dag forstår som manglar ved lovgjeving, forskrifter og forvaltningspraksis, jf. ombodsmannslova § 11.
7. Arbeidet med å sikre at menneskerettane blir respekterte
Også i 2007 har arbeidet med internasjonale spørsmål og menneskerettar vore ein viktig del av oppgåvene til ombodsmannen. Arbeidet med å sikre at forvaltninga følgjer opp norske plikter på menneskerettsområdet, er òg blitt styrkt. Eg ser på dette arbeidet som ei side ved det generelle arbeidet mitt. Ved kontoret er det organisert ei eiga ressursgruppe som skal halde seg spesielt orientert om internasjonale spørsmål.
Endringar i ombodsmannslova og ombodsmannsinstruksen med omsyn til menneskerettsarbeidet
I 2007 blei både ombodsmannslova og ombodsmannsinstruksen endra. Bakgrunnen for endringane var ein førespurnad frå Stortinget i samband med oppfølginga av resolusjon 1516 (2006) frå parlamentarikarforsamlinga i Europarådet. Ifølgje resolusjonen bør nasjonalforsamlingane i medlemsstatane ha eit overordna ansvar for å sikre at nasjonale styresmakter implementerer avgjerder frå menneskerettsdomstolen (EMD). I svaret til Stortinget gav eg uttrykk for at overvaking og kontroll med den norske oppfølginga av dommar frå EMD allereie måtte seiast å liggje innanfor arbeidsområdet til ombodsmannen, og at ein slik kontroll derfor strengt teke ikkje kravde endringar i lov eller instruks. For å klargjere dette, blei det teke inn ei føresegn i instruksen om at ombodsmannen i årsmeldinga si òg skal orientere om arbeidet med å overvake og kontrollere at offentleg forvaltning respekterer og sikrar menneskerettane.
Eg føreslo òg endringar i formålsformuleringa i ombodsmannslova § 3 for å skape harmoni med staten sine grunnlovsfesta plikter når det gjeld menneskerettane, slik dei er nedfelte i Grunnlova § 110 c. Etter Grunnlova § 110 c skal styresmaktene «respektere og sikre menneskerettighetene». Etter forslaget til endring i ombodsmannslova § 3 skal arbeidet til ombodsmannen gå ut på å overvake og kontrollere at forvaltninga «respekterer og sikrer menneskerettighetene».
Endringane i lova og instruksen blei vedtekne av Stortinget i samsvar med forslaget og tok til å gjelde 1. juli 2007. Ombodsmannslova og instruksen, slik dei lyder etter endringa, er tekne inn som vedlegg 4 og 5 til årsmeldinga.
Internasjonale pålegg som forvaltninga følgjer opp
I samband med oppgåva med å kontrollere at forvaltninga følgjer opp dommar frå EMD mot Noreg, vil eg nemne ei sak frå 2007: Den norske staten blei i dom 29. juni 2007 dømd av EMD i ei sak om faget kristendomskunnskap med religions- og livssynsorientering (KRL). Domstolen fann at ordninga med avgrensa fritak frå undervisninga i KRL-faget var i strid med artikkel 2 i protokoll nr. 1 (rett til utdanning) til Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Eg har merkt meg at Kunnskapsdepartementet på bakgrunn av dommen har føreslått endringar i opplæringslova (lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa) i eit høyringsnotat utsendt ved høyringsbrev 5. desember 2007.
Elles er eg kjend med avgjerda i EFTA-domstolen 30. oktober 2007 i ei sak som gjaldt dei utvida rettane til enkjer som var gifte med menn som blei medlemmer av Statens pensjonskasse før 1. oktober 1976. Enkjene har vore unnatekne frå regelen som blei innført i 1976 om at pensjonen skal reduserast dersom mottakaren har inntekt, mens enkjemenn som var gifte med kvinner som blei medlemmer før 1. oktober 1976, og som har hatt inntekt, har fått redusert enkjemannspensjonen. EFTA-domstolen kom til at ei slik forskjellsbehandling av enkjemenn bryt med likestillingsdirektivet frå EU (Rdir 86/378/EØF). Fornyings- og administrasjonsdepartementet har gitt uttrykk for at Regjeringa vil endre reglane, slik at dei blir i tråd med likestillingskrava i EFTA-domstolen. For å halde meg orientert om korleis forvaltninga følgjer opp avgjerda i EFTA-domstolen, bad eg om å få tilsendt høyringsforslaget til endringa i lova.
Ombodsmannens menneskerettsseminar
I november 2007 blei det arrangert eit menneskerettsseminar med tittelen «Utsatte gruppers menneskerettighetsvern i Norge». Vel 100 deltakarar frå offentleg forvaltning, private advokatfirma og ulike interesseorganisasjonar deltok. Seminaret tok særleg for seg menneskerettsvernet til personar utan lovleg opphald og vernet for personar som er avhengige av økonomiske og andre ytingar frå det offentlege. Europarådskommissæren for menneskerettar, Thomas Hammarberg, var invitert og innleidde seminaret.
Arbeidet med å styrkje menneskerettane i Kina
Også i 2007 har ein juridisk medarbeidar ved kontoret med særleg kjennskap til kinesisk språk og kinesiske forhold vore stilt til disposisjon for Utanriksdepartementet for å hjelpe til i den norske innsatsen for å styrkje menneskerettane i Kina. Ho har teke del i organiseringa og tilrettelegginga av fleire møte, besøk, seminar og konferansar både her og i Kina. Rettane til fangar og pågripne og dei grunnleggjande menneskerettane etter norske og internasjonale standardar har vore tema for desse aktivitetane. Eit internasjonalt seminar under tittelen «Serving Sentences in the Community, the Supervisory Mechanism and the Protection of Human Rights» blei halde med 100 deltakarar i Kina. Dei aller fleste deltakarane var kinesiske statsadvokatar, leiarar frå fengselsavdelinga ved det kinesiske riksadvokatembetet og representantar frå det kinesiske justisdepartementet. Bakgrunnen for seminaret var oppmodinga frå Kina om meir informasjon om norsk lovgiving og praksis med omsyn til samfunnsstraff og andre straffereaksjonar som alternativ til fengsling.
Gjennom fleire år har eg og medarbeidarane mine delteke i menneskerettsdialogen mellom Noreg og Kina og på denne måten hatt kontakt med kinesiske styresmakter. I oktober/november 2007 hadde eg saman med to av medarbeidarane mine møte i Beijing og Shanghai med representantar frå National Peoples Congress, Ministry of Supervision, Ministry of Public Security, Supreme People’s Procuratorate og Shanghai Municipal People’s Congress. Eg besøkte dessutan eit ungdomsfengsel i Beijing og heldt føredrag om den norske ombodsmannsordninga ved Renmin University Law School i Beijing og Fudan University Law School i Shanghai. Vi besøkte òg den norske ambassaden i Beijing og det norske generalkonsulatet i Shanghai.
Andre aktivitetar knytte til arbeidet med internasjonale spørsmål og menneskerettar
Europarådskommissæren for menneskerettar har invitert til å delta i eit samarbeid mellom nasjonale ombodsmenn og menneskerettsstrukturar i medlemsstatane i Europarådet. Formålet med samarbeidet er å utveksle informasjon om korleis dei ulike medlemsstatane gjennomfører EMK og avgjerder frå EMD. Ein representant for meg deltok på det første møtet, som blei halde i Strasbourg i november 2007. Der blei det mellom anna påpeikt at ombodsmenn speler og kan spele ei viktig rolle i å kontrollere at medlemsstatane gjennomfører EMK og avgjerder frå EMD, og at dei kan gi viktige tilbakemeldingar til kommissæren og Europarådet. Dette internasjonale samarbeidet på menneskerettsområdet kan medverke til å intensivere arbeidet med å overvake norsk forvaltning i gjennomføringa av EMK og avgjerder frå EMD mot Noreg.
Som ombodsmann er eg medlem av det rådgivande utvalet som Norsk senter for menneskerettar har sett ned for å arbeide med Nasjonal institusjon for menneskerettar, og eg har i kraft av dette delteke på to møte i 2007.
Vidare har eg delteke på møte i Utanriksdepartementet om situasjonen i EMD og reformarbeidet der.
Den internasjonale ressursgruppa ved kontoret mitt har i 2007 vore på studietur til Noregs faste delegasjon til Europarådet, Den europeiske menneskerettsdomstolen, menneskerettskommissæren i Europarådet, EFTA-domstolen, EF-domstolen og EFTA-overvakingsorganet (ESA). Formålet med turen var å knyte kontakt med institusjonane og auke kunnskapen om arbeidet dei gjer.
Informasjon om saker eg har behandla i 2007, og som vedgår éin eller fleire internasjonale menneskerettskonvensjonar, er å finne via emne- og stikkordregisteret bakarst i årsmeldinga under emneordet «Menneskerettigheter», eller gjennom lovregisteret under punktet «Konvensjoner».
8. Saksbehandlingstid
Tida det tek å behandle klagesakene, varierer etter kva saka gjeld, kor omfattande ho er, og kva undersøkingar som synest nødvendige for å få saka tilstrekkeleg opplyst. Normalt får klagaren svar innan ei veke etter at klaga er motteken. Dersom klaga må avvisast på formelt grunnlag, blir det som regel avklart straks. Er det grunn til å undersøkje saka nærmare og ta henne opp med forvaltninga, kan det ta noko tid før saka er avslutta. Det heng saman med at det aktuelle forvaltningsorganet i desse sakene må få gjere greie for sitt syn på klaga. Utgreiinga frå forvaltninga blir så oversend til klagaren for merknader, som forvaltningsorganet deretter får høve til å kommentere. Både omsynet til kontradiksjon og omsynet til at saka skal bli best mogleg opplyst, medfører at behandlingstida for desse sakene kan bli etter måten lang. For saker som gjeld innsyn i saksdokument frå forvaltninga, er saksbehandlingstida derimot kortare enn for andre sakstypar.
Det kan vere vanskeleg å gi opp gjennomsnittleg saksbehandlingstid for alle saker som blir behandla. Målet er at saksbehandlingstida skal liggje innanfor desse tidsrammene, avhengig av kva som skjer med saka:
– Formell avvising: 1 veke
– Avslutting, men med ei førebels undersøking av klaga for å avklare om det er tilstrekkeleg grunn til å gå vidare med klaga, det vil seie ta opp klaga med forvaltninga: 4-8 veker
– Avslutting etter at saka har vore teken opp med forvaltninga (fråsegn): 3-6 mnd
9. Innsyn i saksdokumenta hos ombodsmannen
Reglane om dokumentinnsyn hos ombodsmannen går fram av ombodsmannslova § 9, jf. ombodsmannsinstruksen § 11. I 2007 blei det registrert 622 krav om innsyn i saksdokument, mot 426 i 2006 og 360 i 2005. På grunnlag av krava blei det gitt innsyn i 435 dokument, av desse 135 berre delvis. 56 innsynskrav blei avslått. Normalt blir det svart på innsynskrav same dagen, og seinast i løpet av éin til tre dagar.
Den offentlege journalen er tilgjengeleg på nettstaden www.sivilombudsmannen.no, og her kan det òg bestillast innsyn i saksdokumenta hos ombodsmannen.
10. Nettstad og kommunikasjon med klagarar via e-post og telefon
Nettstaden www.sivilombudsmannen.no gir informasjon om ombodsmannsordninga og framgangsmåten for å klage. Dei fleste fråsegnene mine blir lagde ut på nettstaden etter kvart saman med anna relevant nytt frå kontoret. Tidlegare fråsegner kan òg søkjast opp.
Nettstaden blei utvikla i 2002-2003 og treng både teknisk og innhaldsmessig forbetring for å oppfylle dei krava som blir stilte til offentlege nettstader i dag. I 2007 blei det derfor sett i gang eit arbeid med å vidareutvikle nettstaden. Formålet er å gjere han teknisk lettare tilgjengeleg for alle brukargrupper og meir brukarvennleg, og å sikre at brukarane har lett tilgang til informasjonen som blir gitt. Ein viktig del av arbeidet er å gjere det enklare å søkje i tidlegare fråsegner. Den nye nettstaden skal vere ferdig i løpet av 2008.
Mange sender e-brev. I 2007 kom det inn om lag 6000 e-brev og av desse er over halvparten blitt registrert på saker. E-post skal ikkje innehalde personsensitive opplysningar, og derfor blir det normalt berre gitt orienteringar og svar på generelle førespurnader på denne måten. Når klager blir sende inn som e-brev, blir klagaren bedt om å sende inn ei signert klage med vanleg post. Under arbeidet med å fornye nettstaden kjem ein til å vurdere om det kan leggjast betre til rette for sikker elektronisk kommunikasjon med klagarane.
Mange tek kontakt per telefon. I 2007 har det blitt svart på minst 1400 telefonar. På telefonen kan eg og medarbeidarane mine i første rekkje gi rettleiing om kor vidt ei sak kan klagast inn for ombodsmannen, og korleis klagaren i så fall bør gå fram. I tillegg gir vi i stor grad rettleiing om kven vedkommande kan gå til dersom saka er av ein slik karakter at ho ikkje kan påklagast til ombodsmannen, til dømes fordi klageretten i forvaltninga ikkje er utnytta til fulle.
Nokre kjem til oss med generelle juridiske spørsmål knytte til ei forvaltningssak, eller dei ber om råd om korleis dei bør stille seg overfor forvaltninga i ei pågåande sak. Eg og medarbeidarane mine kan berre i svært liten grad svare på slike førespurnader, mellom anna fordi ombodsmannen ikkje har i oppgåve å opptre som partsrepresentant for enkeltborgarar overfor offentlege styresmakter, og heller ikkje å drøfte generelle juridiske spørsmål som ikkje knyter seg til ei aktuell klagesak.
11. Organisasjon og personale
Per 31. desember 2007 hadde ombodsmannskontoret 42 årsverk, av desse ombodsmannen, seks kontorsjefar og ein administrasjonssjef. Kontoret hadde 24 årsverk for juridiske saksbehandlarar og 10 årsverk knytte til administrasjonen. IT-støtte blir leigd inn på timebasis. I tillegg kjem eit årsverk som er finansiert av Utanriksdepartementet med ombodsmannen som arbeidsgivar. Denne juristen arbeider med menneskerettsspørsmål i Kina og har som spesialoppgåve å fremje rettane til innsette og fungere som kontaktperson mellom kinesiske og norske styresmakter.
Kontoret er delt inn i fem avdelingar. På årsbasis er arbeidet organisert slik at sakstilfanget og arbeidsmengda i avdelingane skal vere likast mogleg. I 2007 har situasjonen stort sett vore tilfredsstillande. Arbeidsområda i dei ulike fagavdelingane går fram av organisasjonskartet i dette kapitlet.
Kvar avdeling har ein kontorsjef som leiar. Fordelinga av dei juridiske medarbeidarane på dei fem fagavdelingane går fram av personaloversikta i vedlegg 1. Av oversikta går det òg fram korleis administrasjonen er samansett og arbeider.
Kontoret tok i bruk nye lokale i 8. etasje i siste halvdelen av mai.
12. Likestilling
Faktisk tilstand
Ut frå eit samla tal på 45 personar (42 årsverk) var forholdstalet mellom kvinner og menn ved kontoret slik per 31. desember 2007:
50 kvinner: 66 %
15 menn: 34 %
I leiargruppa sit seks personar – fem kontorsjefar og ein administrasjonssjef. (Den eine kontorsjefen har spesialoppdrag og tel ikkje med i statistikken for leiargruppa.)
3 kvinner: 43 %
4 menn: 57 %
I nestleiarfunksjonane i dei fem avdelingane sit fire kvinner og éin mann.
For dei 26 juridiske saksbehandlarane (medrekna nestleiarar) er fordelinga slik:
16 kvinner: 62 %
10 menn: 38 %
I administrasjonen er det 12 kvinner: 100 %.
Lønn
Kontoret har ein stillingsstruktur og ein lønnspolitikk som stiller alle likt når det gjeld høve til lønnsopprykk og avansement. Av dei juridiske saksbehandlarane er 13 seniorrådgivarar (fire menn og ni kvinner), fire rådgivarar (to menn og to kvinner) og ni førstekonsulentar (fire menn og fem kvinner).
Administrasjonen tel éin rådgivar, éin arkivleiar, éin seniorkonsulent, éin førstekonsulent og åtte konsulentar.
Arbeidstid
Ombodsmannen har ingen normerte deltidsstillingar, men redusert arbeidstid fordeler seg slik:
Heiltid | Redusert arbeidstid |
|
---|---|---|
Juridiske saksbehandlere: | ||
Kvinner | 11 | 5 |
Menn | 8 | 21 |
Administrasjonen: | ||
Kvinner | 9 | 3 |
Overtid fordeler seg slik:
Overtids- timar |
|
---|---|
Juridiske saksbehandlere | 118 |
Kvinner | 28 |
Menn | 90 |
Administrasjonen | 0 |
Iverksatte tiltak
Ein einsarta lønnspolitikk og stillingsstruktur ligg til grunn for verksemda ved kontoret. Ved rekruttering blir det teke omsyn til at kjønnsfordelinga skal vere jamn. Alle tilsette har lik tilgang til kompetanseheving.
Arbeidstidsreglane og praktiseringa av dei legg til rette for fleksibilitet både for kvinner og menn, og det same gjeld permisjonsreglane i forhold til omsorg og karriereutvikling.
Planlagde tiltak
I praktiseringa av personalpolitikken blir det lagt vekt på kjønnsrelaterte spørsmål, og det blir alltid lagt opp til best mogleg tilpassing for kvar medarbeidar.
13. Kva står i årsmeldinga?
Årsmeldinga opnar med eit personleg forord av ombodsmannen. Deretter kjem fem kapittel:
I dette kapitlet, kapittel I, er det gjort greie for dei ulike oppgåvene ombodsmannen arbeider med, og kva saker ombodsmannen behandlar. Kapitlet inneheld i tillegg opplysningar om administrative forhold, og det er mellom anna gjort greie for behandlinga av innsynskrav og gitt ei oversikt over møte og besøk i 2007.
Kapittel II gir statistiske oversikter over saksbehandlinga og sakene som har vore til behandling i året som er gått.
Deretter er det i kapittel III gjort greie for manglar ved lover, forskrifter og praksis som er avdekte på bakgrunn av saksbehandlinga siste året.
Kapittel IV presenterer eit utval av sakene som har vore til behandling i 2007. Sakene er systematisk inndelte etter kva saksområde dei høyrer inn under. Registra bak i årsmeldinga kan òg brukast til å finne fram til saker om bestemte tema. Med desse registra kan det søkjast både på bestemte emne- og stikkord og på føresegner i ulike lover og forskrifter. Måten sakene er systematiserte på, gjer det samla sett lettare for lesaren å finne fram til saker som kan vere av interesse.
Kapittel V inneheld opplysningar om korleis forvaltninga har følgt opp fråsegner frå tidlegare år. Slike tilleggsopplysningar er normalt tekne med når forvaltninga er beden om å gjennomføre ny behandling av ei sak som er referert i årsmeldinga for eit tidlegare år.
Til sist i årsmeldinga er det teke inn lovregister og emne-/stikkordregister over sakene som er refererte i kapittel IV. Det er òg teke inn fleire vedlegg: oversikt over møte og besøk i 2007, oversikt over personalet, Grunnlova § 75 bokstav l, ombodsmannslova og ombodsmannsinstruksen og ei orientering om ombodsmannsordninga på bokmål, nynorsk og samisk.